Nikolai Frederik Severin Grundtvig

dansk poet
(Omdirigert frå NFS Grundtvig)

Nikolai Frederik Severin Grundtvig (8. september 17832. september 1872), òg kjend som N.F.S. Grundtvig eller berre Grundtvig, var ein dansk forfattar, poet (diktar), filosof, historikar, prest og politikar. Tankane til Grundtvig er kjende som «grundtvigianisme».

Nikolai Frederik Severin Grundtvig

N.F.S. Grundtvig måla av Christian Albrecht Jensen
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 8. september 1783
Udby
Død

2. september 1872 (88 år)
København

Yrke lyrikar, historikar, filosof, teolog, skribent, salmediktar, pastor, politikar, titulærbiskop, filolog
Språk dansk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Elisabeth Christina Margrethe Blicher, Marie Toft, Asta Grundtvig
Nikolai Frederik Severin Grundtvig på Commons

Grundtvig er rekna som ein av dei viktigaste personane i dansk og nordisk historie. Filosofien hans gav rom for ei ikkje-valdeleg nasjonalisme i Danmark. Særleg var dette viktig etter nederlaget i krigen mot Prøyssen i 1864.

Han har skrive mange av songane i danske og norske salmebøker, mellom anna salmane «Kimer, I klokker», «Kyrkja ho er eit gamalt hus» og «I all sin glans nu stråler solen».

Om ein seier at Kingo skreiv salmar til påska og Brorson til jula, så kan ein seie at Grundtvig skreiv salmar for alle tider innan kyrkjeåret. Mest av alt skreiv han likevel pinsesalmar.

Nasjonalromantikken var viktig for Grundtvig. I det samanheng arbeidde han med å framstilla kvinnelege adelsdikt frå reformasjonstida som opphavlege folkedikt frå mellomalderen. Vidare lukkast det han å få nordisk mytologi kjend i Danmark.

Ut frå tanken «menneske først — kristen så» utvikla han ideen om folkehøgskular. Blant pietistane var det mange som rekna han som ein motstandar.

Ettermæle

endre

«De levendes Land» er teken opp i den danske kulturkanonens lyrikkantologi.[1]

Sjå òg

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Nikolai Frederik Severin Grundtvig