NK 792-794

NK 792-794 er tre frimerke utgjevne 1. juni 1977 med verdiar høveleg for frankering av postkort innan Norden (det grøne) eller brevpost innan Norden (det raude) og til andre land i Europa (det blå). Frimerka viser norske tre.

Frimerka har den nynorske namneforma Noreg. Dette var første gongen frimerke fekk nynorsk tekst utan at motivet var knytt til hendingar med særskilt tilknyting til nynorsk språk og kultur.

Frimerka er utforma av Ørnulf Ranheimsæter og gravert av Henry Welde (NK 791-792) og Sverre Morken (NK 793).

  • NK792 1,00 kr mørk grøn, motiv gran (netto opplag: 5 275 000)
  • NK793 1,25 kr mørk karminraud, motiv furu (opplag: 9 000 000)
  • NK794 1,80 kr mørk gråblå, motiv bjørk (opplag: 2 530 800)

KjeldeEndra