Denne artikkelen handlar om regionen i Irak. For moshaven i Israel, sjå Nahala i Israel.


Nahladalen (gammalsyrisk ܢܗܠܐ) er eit geografisk område i provinsane Ninive og Dohuk i Irak. Sapnadalen ligg i nord på andre sida av ei fjellkjede, og byen Aqra ligg i sør, på andre sida av eit ana fjell. Dalen grensar til Store Zab-elva i aust og Khazir-elva i vest. Regionen er hovudsakleg busett av assyrarar og kurdarar.

Nahladalen
dal
Land  Irak
Koordinatar 36°50′N 43°56′E / 36.833°N 43.933°E / 36.833; 43.933
Kart
Nahladalen
36°50′00″N 43°56′00″E / 36.8333°N 43.9333°E / 36.8333; 43.9333

Historie endre

Dei fleste assyrarane bur i Nahla, kring 20 000 totalt, som flytta der frå Hakkari etter det assyriske folkemordet under fyrste verdskrigen. Somme landsbyar vart fråflytta i 1960-åra då kampane mellom dei irakiske styresmaktene og kurdiske separatistar tvang dei fleste innbyggjarane på flukt til Bagdad og Mosul. Somme små landsbyar vart fullstendig øydelagde under Anfal-felttoget i 1980-åra. Folketalet i dalen voks kraftig etter Irak-krigen i 2003, og mange assyrarar i Dora og Mosul byrja å flytte attende til regionen.

Det er stadig friksjon mellom kurdarane og assyrarane i område.[1] Den 17. juli 1999 gjekk ei væpna gruppe frå Den patriotiske revolusjonsorganisjonen Bet Nahrain til åtak på Peshmerga-stillingar i regionen som hemn for drapet på ei assyrisk jente. Åtaket førte til 39 døde og 20 skadde på kurdisk side.[2]

Landsbyar endre

  • Hezany
  • Kasre
  • Merokeh
  • Belmat
  • Khalilaneh
  • Jouleh
  • Chameh Chale
  • Rabatkeh
  • Kash Kawa

Kjelder endre