Naltsjik
Naltsjik (russisk На́льчик, kabardinsk Налшык, balkarisk Нальчик) er hovudstad i Republikken Kabardino-Balkaria i Russland. Byen ligg på 480 moh på nordsida av Kaukasus, rundt 1400 km søraust for Moskva. I 2007 hadde han om lag 270 000 innbyggjarar.
Naltsjik Нальчик | |||
---|---|---|---|
Monumentet «Alltid med Russland» | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Kabardino-Balkaria | ||
Grunnlagd Bystatus |
1818 1921 | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
131 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
270 400 2 064,1 /km² | ||
Koordinatar | 43°29′0″N 43°37′0″E / 43.48333°N 43.61667°E | ||
Høgd over havet | 480 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 360000–360051 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)8662 |
Historie
endreNaltsjik-området var busett av innfødde balkarar og kabardinarar så langt tilbake som 1743, men dagens by stammer frå tidleg på 1800-talet, da det ekspanderande keisardømet Russland bygde eit fort der i 1818. Ein militær busetnad vart grunnlagt på staden i 1838. Naltsjik vart verande relativt lite viktig til etter oktoberrevolusjonen, då han i 1921 fekk bystatus og vart administrativt senter for Den kabardinske autonome oblasten.
Under den andre verdskrigen var Naltsjik okkupert av tyske styrkar frå 28. oktober 1942 til 3. januar 1943. Byen vart sterkt skadd under konflikten.
Økonomi
endreNaltsjik er ein forvaltningsby og er eit politisk og kulturelt sentrum for Republikken Kabardino-Balkaria. Han er òg eit industrisenter for republikken, med verksemder innan metallurgi, lettindustri, produksjon av byggematerial og maskinbygging). Byen er òg kjend som ein kurstad på grunn av sine varme kjelder og klåre fjelluft.
Utdanning
endreNaltsjik har følgjande høgare utdanningsinstitusjonar:
- Kabardino-Balkaria statlege universitet
- Kabardino-Balkaria forretningsinstitutt
- Det nordkaukasiske statlege kunstinstituttet
- Kabardino-Balkaria statlege jordbruksakademi.
Bakgrunnsstoff
endre- Informasjon om Naltsjik (russisk)
- Kart over Naltsjik Arkivert 2005-11-05 ved Wayback Machine. (russisk)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Naltsjik» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2008.