Kabardinsk

Kabardinsk, tidvis også kalla austtsjerkessiskk og austcircassisk, er eit nordvestkaukasisk språk som hovudsakleg blir tala i regionen Kabardino-Balkaria. Her bru rundt 520 000 av dei totalt 1 632 500 talarane.[1] Dei fleste talarane utanfor Kabardinia-Balkaria bur i Tyrkia.[2]

Kabardinsk
Къэбэрдеибзэ, Qabardjajəbza
Klassifisering: Kaukasisk
 Nordkaukasisk
  Nordvestkaukasisk
   Tsjerkessisk
Bruk
Tala i: Flag of Adygea.svg Adygia
Kabardinsktalande i alt: 1 632 500[1]
Språkkodar
ISO 639-2: kbd
ISO 639-3: kbd
Video av Yinal, som snakkar adygisk og kabardinsk.

Det finst fleire ulike variantar av språket, der dei to største er kabardinsk og beslenejsk. Det har berre to fonetiske vokalar, men kring 46 konsonantar,[3] der kring 23 er frikativar.[2]

Kabardinsk er nært i slekt med adygisk, som også blir kalla vesttsjerkessisk. Sjølv om dei skil seg leksikalt, morfologisk og syntaktisk, er dei gjensidig forståelege.

Ein har skrive språket har med fleire ulike skriftsystem. I 1825 blei det utvikla ein variant av det arabiske alfabetet, og i 1829 kom eit skriftsystem basert på det kyrilliske alfabetet. På 1800-talet kom også dei første bøkene ut på kabardinsk. Etter den russiske revolusjonen blei det brukt både eit arabisk og eit kyrilliskbasert alfabet. I 1923 blei det også innført ei skrift som bygde på det latinske alfabetet, men dette blei erstatta av kyrilliske bokstavar i 1936. Dei adygiske og kabardinske skriftsystema er svært ulike, noko som har minka den gjensidige forståinga.[3]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Lewis, M. Paul (ed.) (2009). «Ethnologue report for language code: kbd». Ethnologue: Languages of the World (på engelska). SIL International. Henta 4. mai 2011. 
  2. 2,0 2,1 Lando, Steve: Europas tungomål, Nomen förlag, Visby 2010, s. 640. ISBN 978-91-7465-075-4. 
  3. 3,0 3,1 Vamling, Karina. «Tjerkesserna – splittring och återförening» (PDF). Språk- och litteraturcentrum. Lunds universitet. Arkivert frå originalen (PDF) 11 mars 2012. Henta 4. mai 2011. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikipediakabardinsk