Namsosbanen

Namsosbanen er ei jernbanestrekning som går frå Grong til Namsos i Trøndelag. Strekninga er 52 km lang og er eit sidespor til Nordlandsbanen. Banen vart opna 1. november 1933. Persontrafikken vart lagd ned i 1978. Godstrafikken til Namsos vart nedlagd i 1999, men heldt fram med korntog mellom Grong og Skogmo til 2005.

Namsosbanen
Namsosbanen.jpg
Info
System Enkeltspora bane
Status Sidebane utan regulær trafikk
Utgangsstasjon Grong
Endestasjon Namsos
Drift
Opna 1933
Eigar Bane NOR
Teknisk
Lengd 51,5 km
Bruer 18
Tunnelar 5
Planovergangar 113
Namsosbanen

I dag kan turistar låne dresin på campingplassen i Namsos for å sykle strekninga Namsos-Skage. Jernbaneverket estimerte i 2009 at ei opprustning av Namsosbanen vil koste mellom 150 og 250 millioner kroner.[1] Namsosbanen er offisielt ikkje nedlagt. 14. oktober 2010 vart Grong stasjon fjernstyrt og Namsosbanen er signalteknisk ikkje lenger ein del av stasjonen. Banen vart då eit sidespor til Grong.[2] I 2021 blei banen tatt ut av det nasjonale jernbanenettet.[3]

StrekningEndra

Kilometrering refererer til Trondheim

Teiknforklaring
  Nordlandsbanen frå nord
  219,54 km Grong (1929)
  til Steinkjer
  Sanddøla bru
  Røttesdal viadukt (107 m)
  222,85 km Dun (1933)
  Sem
  225,84 km Skjemsvoll (1933)
  Jørem (1933)
  231,53 km Øyheim (1933)
  235,78 km Øysletta (1933)
  Bertnem bru (Namsen) (195 m)
  Heknbakk (1933)
  Skogmo industrispor (1983)
  241,76 km Skogmo (1933)
  stengt for trafikk herfrå[4]
  Bjøra (98 m)
  Himo (1936)
  245,12 km Overhalla (1933)
  Reina (54 m)
  Barlia (1953)
  249,42 km Øysvoll (1933)
  Myrmo (1933)
  Halvardmo (1962)
  Skage industrispor (1983)
  256,44 km Skage (1933)
  Myreelva (57 m)
  Bergeng (150 m)
  Brudalsøya (29 m)
  Grytøya (1936)
  Vika (46 m)
  262,96 km Kvatninga (1933)
  Meosen (45 m)
  Meosen (1934)
  Høyknes (1933)
  Angelskjæret (1963)
  Hønhaugen 1 (69 m)
  Hønhaugen 2 (84 m)
  270,14 km Namsos (1981)
  271,15 km Namsos gamle (1933)

FotnotarEndra

  1. «Nytt nei til Namsosbanen». NRK Trøndelag. 3. juni 2009. Henta 29. desember 2012. 
  2. «Grong stasjon fjernstyrt». 
  3. Samferdselsdepartementet (11. mai 2021), «Namsosbanen og strekninga Røste-Dokka på Valdresbanen tas ut av det nasjonale jernbanenettet», Regjeringa.no, henta 26. august 2021 
  4. «Network Statement 2008 Vedlegg 3.2.2.2: TILKNYTTEDE NETT» (pdf). Jernbaneverket. 1. desember 2006. s. 6. Henta 20. januar 2008. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.