Opna hovudmenyen

Nansenøya i Frans Josefs land

For andre øyar med same namn, sjå Nansenøya
Plasseringa til øyane rundt Nanseøya i Frans Josefs land.

Nansenøya (russisk Остров Нансена; Ostrov Nansena) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho ligg ved 80° 30' N og 54° 10' E

Nansenøya er delvis dekt av is og har eit areal på 164 km². Det høgaste punktet på øya er 372 meter over havet.

Nansenøya ligg midt i ei gruppe øyar med om lag same storleik og med smale sund i mellom seg. Kanalen sørvest for denne øygruppa er Allen-Jung-sundet, i søraust ligg Sidorovasundet, kanalen i nordaust er Markamasundet og i vest ligg Britanskijkanalen.

Mys Artura er det nordlegaste neset på øya. I sørvest ligg neset Mys Usjakova, kalla opp etter den russiske polforskaren Georgij Usjakov og det sørlegaste punktet heiter Mys Tejlora (Kapp Taylor).

Nansenøya er kalla opp etter den norske polfararen Fridtjof Nansen, som utforska Frans Josefs land i 1896.

Øya må ikkje forvekslast med Nansenøya i Karahavet mellom skjera rundt Tajmyrøya.

Nærliggande øyarEndra

  • Ostrov Ketlitsa (Остров Кетлица), Koetlitzøya er ei lang øya som ligg nordvest for Nansenøya. Ho er isdekt og har ei høgd på 158 meter over havet. Neset lengst nord heiter Mys Poljarnogo Sijanija og det sørlegaste heiter Mys Giujs. Sundet mellom desse øyane vert kalla Proliv Roberta Pilija. Koetlitzøya er kalla opp etter geologen på Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen til Frans Josefs land i 1894-1897, Dr. Reginald Koetlitz.
  • Ostrov Uiltona (Остров Уильтона), Wiltonøya er ei lita øy nordaust for Nansenøya. Mellom dei ligg eit 1 km smalt sund. Ho er kalla opp etter den skotske polfararen David W. Wilton, som òg deltok på Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen. Wilton budde nokre år i Nord-Russland før han vart med på ekspedisjonen.
  • Ostrov Bromidzj (Остров Бромидж), Bromwichøya ligg aust for Nansenøya og er dekt av ein iskalott, men har nokre få isfrie område ved kysten. Ho har ei høgd på 392 meter over havet.
  • Ostrov Brajsa (Остров Брайса), Briceøya ligg sør for Bromwichøya. Det er ein isbre midt på øya, men store landområde er isfrie i nord og sørvest. På det høgaste er øya 409 meter over havet. Øya er kalla opp etter Arthur Montefiore Brice, sekretæren under Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen.
  • Ostrov Prittsjetta (Остров Притчетта), Pritchettøya ligg sør for Nansenøya. Ho er forholdsvis stor og har nokre få isfrie område. Det høgaste punktet ligg 401 meter over havet. Namnet på øya er truleg ei omforming av namnet til Karl Weyprecht. Weyprecht var ein av to leiarar under den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen i lag med Payer, som har ei øy kalla opp etter seg lenger nordaust i same øygruppe.
  • Ostrov Blissa (Остров Блисса), Blissøya ligg sør for Pritchetøya. Ho er delvis isfri.
  • Ostrov Dzjeffersona (Остров Джефферсона), Jeffersonøya er ei mykje mindre øy som ligg sørvest for Nansenøya. Øya er kalla opp etter Thomas Jefferson av Baldwin-Ziegler-ekspedisjonen i 1901.

KjelderEndra