Påskeliljeslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Narcissus)
Påskeliljeslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Amaryllidoideae
Stamme: Narcisseae
Slekt: Påskeliljeslekta Narcissus
L., 1753

Påskeliljeslekta (Narcissus) er ei slekt i underfamilien Amaryllidoideae i påskeliljefamilien (også kjend som amaryllisfamilien og laukfamilien). Plantane i slekta er kjende som narsissar i gartnarsamanheng. Narsiss er blomen som ifølgje greske soger voks fram på staden der Narkissos døydde.

Slekta omfatter fleirårige urtevekstar med laukar. Plantane i slekta har grunnstilte, linjeforma blad som veks fram samtidig med blomane. Blomestengelen er hol og har éin eller fleire blomar. Blomane kan ha kvite, gule eller oransje fargar. Dei har seks blomsterdekkblad. Innanfor blomsterdekket er det ei bikrone, som ofte har ein annan farge.

Påskeliljeslekta er utbreidd i Europa og middelhavslanda og er rikast utvikla i det vestlege middelhavsområdet. Omfattande dyrking byrja i Nederland på 1500- og 1600-talet. Både villartane og ei rekkje kultivarar og hybridar er populære hageplantar, snittblomar og kan brukast til driving innandørs. Dei dyrka narsissane deler ein i 13 ulike klassar.

Alle artane er giftige og inneheld alkaloidet lycorin. Blomsterdekoratører og andre som har hudkontakt med narsissar kan utvikla eksem mot dei.

Artar endre

Desse artane er registrerte i naturen i Noreg:[1][2]

  • pinselilje (N. poeticus), framandart, tradisjonell produksjonsart, potensielt høg risiko (PH) i Framandartslista 2023[3]
  • edelnarsiss (N. ×incomparabilis), framandart, potensielt høg risiko (PH)[3]
  • påskelilje (N. pseudonarcissus), framandart, tradisjonell produksjonsart, potensielt høg risiko (PH)[3], med underartane
    • nominatunderarten lita påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. pseudonarcissus)
    • stor påskelilje (N. pseudonarcissus ssp. major), potensielt høg risiko (PH)[3]
  • smånarsiss (N. ×cyclazetta), framandart, potensielt høg risiko (PH)[3]
  • bukettnarsiss (N. ×medioluteus), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert

Andre artar:

Kjelder endre

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 210–211, 1149. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre påskeliljeslekta». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Fremmedartslista 2023». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Påskeliljeslekta
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Narcissus