Narvik krigsmuseum
Narvik krigsminnemuseum,[1][2] tidlegare Nordland Røde Kors krigsminnemuseum, er eit museum i Narvik i Narvik kommune i Nordland. Museet har eit utstillingsareal på tusen kvadratmeter. Utstillingane tar føre seg situasjonen i Narvik og Nord-Noreg under andre verdskrigen ved hjelp av bilete, plansjar og ulike gjenstander.[3] Ved museet står ankeret som tilhøyrde det norske panserskipet «Eidsvold», som vart senka under den andre verdskrigen.
Historie
endreMuseet starta i 1964 som Nordland Røde Kors krigsminnemuseum og heldt opphavleg til i Torvhallen på Narvik torg. Den 1. januar 2014 overtok stiftelsen Narviksenteret museumsdrifta.[4] Museet opna i eit nye kunnskapssenter, Narviksenteret, i juli 2016.[1]
Utstillingar
endreUtstillingane i det nyrenoverte museet frå 2016 er plasserte i tre etasjar kalla «Angrep», «Krig» og «Zona». I Angrep og Krig finst tematiske utstillingar om:
- «Kampene i Nord-Norge», som tek for seg opptakten til den tyske invasjonen av Noreg og den norske nøytralitetspolitikken, kva som hende under invasjonen, mobiliseringa av motstand med hjelp frå dei alliert og den seinare overgjevinga til okkupasjonsmakta.
- «Hitlers skjebneområde» tek for seg omgrep som «Festung Norwegen», den tyske utbygginga av infrastruktur og daglegliv under krigen.
- «Den viktige nordfronten» fortel om ulike krigsfrontar og brenninga og tvangsevakueringa av Finnmark og Nord-Troms mot slutten av verdskrigen.
- «Tvangsarbeid, straff og folkemord» tek for seg folkemord under krigen, bruken av tvangsarbeid og straff for protestar.
- «Min krig» formidlar personlege krigshistorier.
- «Fred og forsoning» tek for seg krigsavsluttinga, landssvikoppgjeret og etterkigstida.[5]
Den siste delen av utstillingane blir kalla «Zona» og tek for seg «tema knyttet til krig og konflikt,» som Genève-konvensjonen, flyktningar, fangenskap, propaganda og «bakgrunn for krig og konflikt». Denne delen er ikkje ei typisk historisk museumsutstilling, men bruker «historiske gjenstander i samspill med moderne teknikk, design og scenografi».[5] Han har vekt reaksjonar: «Noe av hovedsaken med ZONA er å skape debatt ... For eksempel: hva har et bøyd kanonrør med Krigen mot terror å gjøre? Hvorfor nevnes ... [ Al-Qaida ] i Narvik Krigsmuseum? Hva skiller fangeleiren i Beisfjord fra Guantanamo?», skreiv Nordlys i 2016.[6]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Christine Baglo (11. april 2016). «Nytt krigsmuseum i Narvik». Dagsavisen.
- ↑ «Forside - Narviksenteret». narviksenteret.no. Henta 29. mai 2018.
- ↑ Warmuseum.no, utstillinger Arkivert 2014-05-04 ved Wayback Machine.. Vitja 1. juli 2014.
- ↑ «Stiftelsen Narviksenteret». narviksenteret.no. Henta 29. mai 2018.
- ↑ 5,0 5,1 «Temaene i Fredsfront - Narviksenteret». narviksenteret.no. Henta 29. mai 2018.
- ↑ Jarl Holstad. «Skal vi kvitte oss med alt som er brysomt?». nordborskdebatt.no. Henta 11. mai 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- 3D-modell av museet Arkivert 2018-05-30 ved Wayback Machine.