Cajas nasjonalpark

nasjonalpark i høglandet i Ecuador
(Omdirigert frå Nasjonalparken Cajas)

02°50′46″S 79°13′13″W / 2.84611°S 79.22028°W / -2.84611; -79.22028

Parque Nacional El Cajas
nasjonalpark
Parque Nacional Natural Los Nevados
Land  Ecuador
Provins Azuay
Høgd 3 160−4 445 m
Areal 285 km²
Grunnlagd 1996
Kart
Cajas nasjonalpark
2°50′46″S 79°13′13″W / 2.8461111111111°S 79.220277777778°W / -2.8461111111111; -79.220277777778
Topografisk kart av Cajas nasjonalpark. Utstrekninga er ca. 27,5 km vest-aust retning og 22,5 km i nord-sør retning. Vegen mellom andre og tredje største byen i landet, Guayaquil og Cuenca skjer gjennom det nordaustre hjørnet av parken, markert med raud strek på kartet. Opphavsrett: Navarrete et al (2022)[1]
Topografisk kart av Cajas nasjonalpark. Utstrekninga er ca. 27,5 km vest-aust retning og 22,5 km i nord-sør retning. Vegen mellom andre og tredje største byen i landet, Guayaquil og Cuenca skjer gjennom det nordaustre hjørnet av parken, markert med raud strek på kartet.
Opphavsrett: Navarrete et al (2022)[1]
Topografisk kart av Cajas nasjonalpark. Utstrekninga er ca. 27,5 km vest-aust retning og 22,5 km i nord-sør retning. Vegen mellom andre og tredje største byen i landet, Guayaquil og Cuenca skjer gjennom det nordaustre hjørnet av parken, markert med raud strek på kartet.
Opphavsrett: Navarrete et al (2022)[1]
Wikimedia Commons: El Cajas
Nettstad: http://www.ambiente.gob.ec/parque-nacional-cajas/

Cajas nasjonalpark (spansk: Parque Nacional El Cajas) er ein nasjonalpark i høglandet i Ecuador. Han ligg omtrent 21 km vest frå sentrum av Cuenca, hovudstaden i provinsen Azuay. Området på 285,44 km² mellom 3160 og 4445 meter over havet er prega av páramo-vegetasjon i eit kupert landskap av åsar og dalar. Han vart erklært som ein nasjonalpark den 5. november 1996.

Namnet «Cajas» kan vere avleidd frå kichwa-ordet «cassa» som betyr «porten til dei snødekte fjella» og refererer til dalføre i fjella som har letta transport og handel mellom kystregionen og andesregionane sidan førkolumbisk tid.[1]

Historie

endre

Området viser prov på menneskelege aktivitetar allereie frå Cañari-perioden. Dette inkluderer tre interregionale vegar som knyter saman området for dagens Cuenca med låglandet i vest, eit kontrollpunkt for handelen mellom høglandet og kystområda. Etter inka-invasjonen vart inkavegar konstruerte og fletta saman med eksisterande vegar. Arkeologiske stader er identifiserte i parken og i nærleiken som indikerer busetnad både før-inkatid og i inkatida. I løpet av kolonitida vart området rundt området brukt til husdyrdrift. Etter etableringa av parken har området vorte populært for fotturar, klatring, camping, fiske og fugletitting. Kontrollpunkt på hovudvegen gjennom parken er plasserte ved grensene til parken.

Geografi og klima

endre

Det høgaste punktet er den 4 445 m (4 500) høge Cerro Arquitectos, og vegen gjennom parken når over 4 310 moh. Rundt 235 innsjøar og lagunar finst innanfor páramoen til Cajas. Luspa er den største av desse innsjøane og strekkjer seg over 0,78 km² med ei maksimal djupn på 68 meter med omkrins på 5 161 m. Som dei andre innsjøane er han erodert av isbrear, landskapsformene med U-dalar i parkområdet er òg resultat av glasiale danningar. Cajas sørgjer for meir enn 50 % av drikkevatnet til Cuenca-området.[2] Det amerikanske vasskiljet går gjennom Cajas slik at elvesystema som drenerer parken har utlaup både mot Amazonas-elva i aust og mot stillehavskysten i vest. Den moderne vegen kryssar det kontinentale vasskiljet ved passet «Tres Cruces», 4 255 moh. Denne delen er den vestlegaste delen av det kontinentale vasskiljet langs heile Andes.[3]

Klimaet i parkområdet er karakteristisk for høgtliggande område med sterkt påverknad av Andesfjella. Mellom 1965–1990 var gjennomsnittleg nedbør 1072 mm, med maksimumsverdiar nær 1400 mm og minimumsverdiar på 829 mm.[1] Luftfukta varierer rundt 80 % med ekstremverdiar på 40 % og 95 %. Det er målt gjennomsnittleg vindstyrke på 4,5 m/s.[3] Temperaturen svingar mellom -2 og 18 °C, og gir moderat til høg nedbør.[1]

Flora

endre
Páramo flora

Fukta i området og andre variablar, som det store nærværet av organisk materiale og materiale av vulkansk opphav, tillèt jordsmonnet å halde effektivt på vatnet.[1] Økosystemet med høge grassletter (páramo) inneheld plantar som er tilpassa, 19 av dei er endemiske for Cajas. Over 3300 meter over havet finst skog med fire artar av «papirtreet», Polylepis.[3] Den dominerande planten er ein røyrkveinart (strågras), Calamagrostis intermedia.[4]

Fauna

endre

Cajas nasjonalpark er heimstad for eit stort utval av dyr, og nokre artar er endemiske eller sterkt trua. Blant dei mest framståande er andeskondor (Vultur gryphus), berre rundt 150 individ står att i heile Ecuador.[5] Andre fugleartar er paramokarakara (Phalcoboenus carunculatus), ein stor svart og kvit rovfugl, og den største kolibrien i verda, kjempekolibri (Patagona gigas). Purpurstrupemetallstjert (Metallura baroni) er endemisk for Cajas og nære omkringliggjande område mot nordaust og sørvest, han er kategorisert som sterkt truga (EN) av Birdlife International.[6] Parken er vektig for to sjeldne fugleartar i Ecuador: kjempekjeglenebb (Conirostrum binghami) og rimdaknis (Xenodacnis petersi).[2] Avifaunaen består totalt av i overkant av 150 fugleartar, kolibrifamilien er gruppa på familienivå med flest påviste artar i ei undersøking, 24 artar totalt.[7] Parken er brukt som rasteplass for langdistansetrekkaren gulbrystsnipe (Calidris bairdii) under trekket mellom høgarktis område og sørlege Sør-Amerika.[8]

Totalt sett er det identifisert førtitre pattedyrartar i parken. Artar inkluderer kvithalehjort (Odocoileus virginianus), pungrotter, flaggermus og kattedyr inkludert pumaer. Det finst også artar frå mårfamilien, skunkar, spissmusartar, kaninar og andre gnagarar.[treng kjelde] Hamsterarten cajasvassmus (Chibchanomys orcesi) er endemisk for parken. Fire artar av reptil og femten artar av amfibium lever rundt lagunane i Cajas.[1]

Internasjonale oppføringar

endre

Cajas er oppført som ei Ramsar-våtmark av internasjonal tyding.[3] Han er også kategorisert som eit viktig fugleområde.[2]

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Navarrete, Edison; Morante-Carballo, Fernando; Dueñas-Tovar, Jairo; Carrión-Mero, Paúl; Jaya-Montalvo, María; Berrezueta, Edgar (2022). «Assessment of Geosites within a Natural Protected Area: A Case Study of Cajas National Park». Sustainability 14: 3120. ISSN 2071-1050. doi:10.3390/su14053120. Henta 20. juni 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Important Bird Area factsheet: Cajas-Mazán». BirdLife International. 2023. Henta 21. juni 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Cordero, P. (2002). «Information sheet on Ramsar wetlands. Ramsar Convention on Wetlands of International Importance, Report EC1203RIS, Gland, Switzerland. (omsett til engelsk)» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 26. september 2015. Henta 21. juni 2023. 
  4. Takushi, Sarah (2011). «Preferencias Sexuales de Aves a las Carreteras Los Efectos de la Carretera Cuenca-Molleturo--Naranjal en las Proporciones de los Sexos en los Individuos de la Especies de Phrygilus Unicolor en el Parque Nacional de Cajas». Independent Study Project (ISP) Collection. 1191. Henta 20. juni 2023. 
  5. BirdLife International (2023) Species factsheet: Vultur gryphus. Henta frå http://datazone.birdlife.org/species/factsheet/andean-condor-vultur-gryphus den 20. juni 2023.
  6. Boris A. Tinoco; Pedro X. Astudillo; Steven C. Latta; Catherine H. Graham (2008). «Distribution, ecology and conservation of an endangered Andean hummingbird: the Violet-throated Metaltail» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2011. Henta 20. juni 2023. 
  7. Astudillo, Pedro X; Tinoco, Boris A; Siddons, David C (2015). «The avifauna of Cajas National Park and Mazán Reserve, southern Ecuador, with notes on new records» (PDF). Cotinga 37: 1–11. Arkivert frå originalen (PDF) 27. november 2021. Henta 20. juni 2023. 
  8. Jiménez Tapia - Rodríguez Rueda, Alexandra Karolina - Rosa Quelmita (juli 2013). Incidencias de la declaración del Macizo del Cajas como reserva del biosfera en el aspecto turistico del Parque Nacional Cajas. Akademisk essay. Universidad de Cuenca.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Cajas nasjonalpark