Rimdaknis

art av sporvefuglar

Rimdaknis (Xenodacnis petersi) er ein medlem av tanagarfamilien som lever i Andes, både i Ecuador og i nordlege Peru. Xenodacnis petersi er nyleg lista som eit artstakson hos Birdlife International[1] og i IOC-lista av International Ornithological Committee.[2] Arten har to underartar, og begge har tradisjonelt vore rekna som ein del av arten meisedaknis (Xenodacnis parina).

Rimdaknis
Rimdaknishann
Rimdaknishann
Rimdaknishoe
Rimdaknishoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Rimdaknis
Utbreiinga av Rimdaknis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Xenodacnis
Art: Rimdaknis X. petersi
Vitskapleg namn
Xenodacnis petersi

Skildring

endre

Underart X. p. bella lever i nord-sentrale Peru, sørlege Amazonas-regionen og i La Libertad-regionen, også i sørlege og sentrale Ecuador.[3]

Underart X. p. petersi lever i sentrale Peru på den vestlege skråninga av Andesfjella. Dette er aust og høgtliggande område i regionane Ancash, Huánuco og Lima.[3]

Hannfuglane er djupt blåfarga, med tynne eller utydelege sølvfarga stripar gjev eit streka inntrykk. Beina, nebb og auga er svarte. Hoene har ei anna fjørdrakt: Blått område i panna og rundt auget, gråbrun overside med blå vengdekkfjører og hale, generelt mørke venger og hale. Halsen og brystet er kanelfarga som går over til gulbrunt eller lys grått på buken og undergumpen. Nebbet er kort og solid på begge kjønn.

Habitatet deira ligg over tregrensa eller rett i tregrensa med Polylepis-skogar blanda med kratt av Gynoxys. Rimdaknisane er truleg mest knytt til Gynoxys. Høgdenivået er 3300 til 4100 moh. i Ecuador og opp til 4800 moh i Peru. Her beitar dei ofte i støyande flokkar og plukkar små leddyr medrekna bladlus.

Reirfunn i Cajas nasjonalpark syner at dei er bygd av tørrkvistar, mose, halm og Puya-blomster. Kullet er på eit eller to egg, hoa rugar aleine i 17 til 20 dagar.[3]

Status

endre

Verdas naturvernunion, IUCN, klassifiserer arten som livskraftig sjølv om populasjonen ikkje er estimert. Ein trur bestanden minkar fordi habitatet degraderast og øydeleggast.

Kjelder

endre
  1. BirdLife International (3. juli 2023). «Streaked Dacnis Xenodacnis petersi». IUCN Red List of Threatened Species 2023. doi:10.2305/IUCN.UK.2023-1.RLTS.T103840020A239355741.en. Henta 21. september 2024. 
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2024. IOC World Bird List (v14.2) - Tanagers and allies. doi : 10.14344/IOC.ML.14.2 Henta 21. september 2024
  3. 3,0 3,1 3,2 Hilty, S., J. del Hoyo, N. Collar, G. M. Kirwan, og P. F. D. Boesman (2022). Tit-like Dacnis (Xenodacnis parina), version 1.1. I Birds of the World (B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.tildac1.01.1

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Rimdaknis