Natalia Rodríguez

Natalia Rodríguez Martínez (fødd 2. juni 1979) er ein spansk tidlegare mellomdistanseløpar frå Tarragona. Ho vann bronsemedaljen på 1500 meter både i EM 2010 og VM 2011.

Natalia Rodríguez


Statsborgarskap Spania
Fødd 2. juni 1979 (44 år)
Tarragona
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Rodríguez sprang inn til sjetteplassen på 1500-meteren både under verdsmeisterskapen 2001, europameisterskapen 2002, verdsmeisterskapen 2005 og dei olympiske sommarleikane 2008.

I VM-finalen 2009 i Berlin la Rodríguez alle konkurrentane på 1500 m bak seg på oppløpssida og braut målsnøret fyrst. Nokså omgåande vart ho diskvalifisert, etter som ho tidleg i siste sving dytta tetløparen Gelete Burka slik at den etiopiske utøvaren fall.

På spansk heimebane i 2010 sikra Rodríguez seg bronsemedaljen på 1500 m i EM, landskvinna Nuria Fernández vann løpet. Også i VM 2011 lukkast spurtsterke Rodríguez vinne bronsemedaljen på spesialdistansen.

Rodríguez sette sin personlege rekord på 3.59,5 i eit stemne i Rieti 28. august 2005.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre