Ein natriumlampe er eit gassutladningsrøyr som inneheld edelgass (argon eller neon) under lågt trykk og metallisk natrium. Utladinga blir starta gjennom edelgassen, og lampa gjev då eit raudt eller fiolett lys. Etter kort tid blir det metalliske natriumet oppvarma slik at det fordampar. Utladinga vil då hovudsakleg føregå ved hjelp av dei lett ioniserbare natriumatoma, og lyset skiftar til sterkt gult. Det gule lyset ligg nær det mest kjenslevare området til auget, og lysutbyttet blir difor særs stort. Dessutan blir synsinntrykket klårare på grunn av det monokromatiske lyset frå lampa. Natriumlampen eignar seg difor godt til opplysing av vegar (tåkelys). Han er dessutan mykje brukt som monokromatisk lyskjelde i spektroskopien. I likskap med kvikksølvdamplampen kan natriumlampen òg lagast som høgtrykkslampe som gjev særs intenst lys. Spekteret blir kontinuerleg, men mykje fattigare på ultrafiolett og kortbølgja lys enn lyset frå kvikksølvdamplampen.

Eit gatelys som består av ein natriumlampe.

Lampen er mykje nytta i gatelys.

Kjelder endre