Stor husedderkopp

edderkoppart
Stor husedderkopp
Stor husedderkopp
Stor husedderkopp
Utbreiing og status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko[1]Utbreiinga av stor husedderkopp
Utbreiinga av stor husedderkopp
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Edderkoppdyr Arachnida
Orden: Edderkoppar Araneae
Familie: Traktedderkoppar Agelenidae
Slekt: Eratigena
Art: Stor husedderkopp E. atrica
Vitskapleg namn
Eratigena atrica

Stor husedderkopp (Eratigena atrica) er ein edderkopp i traktedderkoppfamilien. Han er ein av dei største edderkoppane i Sentral- og Nord-Europa. Frå forbein- til bakbeinspiss kan han målast opptil 8–10 cm. Edderkoppen er nært i slekt med liten husedderkopp som er noko mindre.

Edderkoppen vert ofte funnen i hus i Noreg om hausten. Som med dei aller fleste edderkoppane har han eit giftig bit. Bitet vert rekna som ufarleg for menneske, men vert skildra som smertefullt.[2]

Kjelder endre

  1. Stor husedderkopp i Artsdatabanken. Besøkt 7. august 2022.
  2. «Stor husedderkopp» (på norsk bokmål). Folkehelseinstituttet. Henta 17. mai 2023. 

Bakgrunnnsstoff endre