Naum Gabo, eigentleg Naum Abramovitsj Pevsner, (5. august 189023. august 1977) var ein russisk bilethoggar, fødd i Brjansk. Han var også aktiv som målar, arkitekt og designar.

Naum Gabo

Pseudonym Pevsner, Naum Neemia, Pevzner, Naum Borisovich
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, USA
Fødd 5. august 1890
Brjansk
Død

23. august 1977 (87 år)
Waterbury

Yrke bilethoggar, arkitekt, kunstmålar, universitetslærar, grafikar, fotograf, scenograf, lærar, teiknar
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, Abstraction-Création, American Academy of Arts and Letters
Ektefelle Miriam Gabo
Born Nina Williams
Naum Gabo på Commons

Liv og gjerning endre

 
Gabo sin konstruktivistiske skuptur i Rotterdam

Gabo utdanna seg fyrst til ingeniør i München. Sidan byrja han med kunst, laga abstrakte konstruksjonar. Frå 1914 budde han i den norske hovudstaden, der han i trematerial laga det kubistisk-inspirerte verket Byste i 1915. I 1917 reiste han og broren Antoine Pevsner til heimlandet Russland og busette seg i Moskva. I den russiske, snart sovjetiske, hovudstaden vart Gabo kjend med dei heimlege, nasjonale avantgardistane; leiande kunstnarar som Kasimir Malevitsj og Vladimir Tatlin.

I 1920 publiserte dei to brørne Gabo og Pevsner Det realistiske manifestet, der dei tok avstand frå Tatlin si funksjonalisme og Aleksandr Rodtsjenko si konstruktivisme. Eitt år seinare reiste begge brørne frå Russland, då dei fann det kunstnariske klimaet lite inspirerande. Gabo budde dei neste ti åra i Berlin. Sidan heldt han fram med å forme sine konstruksjonsidéar i både glas, plast og metall; etter Berlin i Paris, sidan i England og frå 1939 i USA. Mellom hans seine verk er ein 24,4 m høg skulptur i Rotterdam, oppsett i 1957.

To av skulpturane til Gabo er utstilt i Oslo. Kvinnehode frå 1916 er ved Universitetet på Blindern, medan Sfærisk konstruksjon finst på Munchmuseet.

Gabo døydde i Waterbury i Connecticut i USA.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Naum Gabo