Antoine Pevsner (30. januar 188412. april 1962) var ein russisk og kviterussisk målar og bilethoggar, til liks med broren Naum Gabo.

Antoine Pevsner

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Frankrike
Fødd 18. januar 1884
Klіmavіtjy, Orjol
Død

12. april 1962 (78 år)
17. arrondissement

Yrke bilethoggar, kunstmålar, teiknar
Sjanger kinetisk kunst
Antoine Pevsner på Commons

Liv og gjerning endre

 
Den fjerde dimensjon, skulptur i Haag

Pevsner var fødd i småbyen Klimavitsy i Kviterussland. Frå 1902 til 1910 var han elev ved kunstskulen i Kiev og deretter St. Petersburgs kunstakademi. Mellom 1911 og 1913 budde han i Paris, der han vart kjend med Alexander Archipenko og Amedeo Modigliani og byrja med abstrakt måleri. År 1915-16 budde han i Oslo, derifrå drog han vidare til Moskva. Frå 1917 underviste han ved kunstakademiet i Moskva.

Saman med broren offentleggjorde han i 1920 i Moskva det realistiske manifest. Dei tok i bruk i nye materialar til skulpturane sine, og tok i bruk matematikk i utforminga av verka. I 1923 reiste Pevsner tilbake til Paris. Nokre år seinare danna han, saman med Theo van Doesburg, Naum Gabo, Auguste Herbin og Georges Vantongerloo kunstrørsla Abstraction-Création i Paris.

I 1946 deltok Pevsner i utstillinga Konkret Kunst i Galerie René Drouin i Paris, saman med Sonia Delaunay-Terk, Vasilij Kandinskij, Alberto Magnelli og Herbin. Pevsner deltok også ved utstillingane documenta I i 1955 og documenta II i 1959, begge i Kassel i Tyskland.

Han døydde i Paris.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Antoine Pevsner