Nawaz Sharif
Nawaz Sharif (fødd 25. desember 1949) er ein pakistansk politikar og tidlegare statsminister, fødd i Lahore i Punjab. Han er blitt vald til statsminister to gonger, og leia mellom anna landet då det prøvesprengde si første atombombe i 1998.
Mian Muhammad Nawaz Sharif urdu میاں محمد نواز شریف | |||
| |||
Statsminister i Pakistan | |||
Periode | 1. november 1990 – 18. juli 1993 17. februar 1997 – 12. oktober 1999 | ||
---|---|---|---|
Parti | Pakistan Muslim League, Pakistan Muslim League | ||
Fødd | 25. desember 1949 i Lahore | ||
Fødestad | Lahore | ||
Far | Muhammad Sharif | ||
Ektefelle | Kulsoom Nawaz | ||
Barn | Maryam Nawaz, Hussain Nawaz, Hassan Nawaz, Asma Nawaz Sharif | ||
Føregangar | Ghulam Mustafa Jatoi Malik Meraj Khalid |
Sharif blei avsett i eit militærkupp av general Pervez Musharraf i 1999, og året etter stilt for retten for mellom anna korrupsjon, kapring og terrorisme, dei to siste punkta i samband med forsøket hans på å avsetja Musharraf som militærleiar. Høgsteretten i Pakistan dømde han til livstid i fengsel, ei bot på 20 millionar rupiar og forbaud han å delta i pakistansk politikk og å ha ei offentleg stilling dei neste 21 åra. Fengselsstraffa blei seinare omgjort til landsforvising til Saudi-Arabia.
Den 10. september 2007 prøvde Nawaz Sharif å venda tilbake til Pakistan, men same dagen han landa blei han send tilbake til Saudi-Arabia av Musharraf.[1] 25. november same året fekk han likevel løyve til å venda tilbake til landet, og erklærte at han kom til å stilla som kandidat i parlamentsvalet i januar 2008.