Nay Pyi Taw (burmesisk utt. [nè pjì dɔ̀], òg skrive Naypyidaw) er ein ny by som blei hovudstaden i Burma (Myanmar) i 2005. Nay Pyi Taw ligg sentralt i landet, i Kyatpyae-området, 3 km vest for byen Pyinmana og rundt 32 mil nord for den tidlegare hovudstaden Yangon. Namnet «Nay Pyi Taw» kan bety 'kongepalass', 'kongeby' eller 'kongssete'.

Nay Pyi Taw ((နေပြည်တော်)
by og hovudstad
Uppatasanti Pagoda-01.jpg
Uppatasanti-pagoden
Land Flag of Myanmar.svg Burma
Areal 7 000 km²
Grunnlagd 2005
Citylocator naypyidaw.png
Wikimedia Commons: Naypyidaw

HistorieEndra

Flyttinga av hovudstaden til det nyleg rydda jungelområdet blei overraskande annonsert i 2005, og dei administrative funksjonane blei offisielt flytta 6. november det året. Bygginga av byen hadde allereie gått føre seg i løynd i fleire år.

dagen til dei væpna styrkane den 27. mars 2006 marsjerte over 12 000 soldatar i ein militærparade under det første offisielle arrangementet i den nye hovudstaden. Det var også då namnet Nay Pyi Taw blei offisielt annonsert.

Pyinmana like ved Nay Pyi Taw var hovudbase for frigjeringshæren i Burma. Det var i Pyinmana at hæren trente soldatar og offiserar.

Geografi og bygningarEndra

Nay Pyi Taw dekkjer 7000 km² og er delt inn i ulike soner for administrasjon, marknad, hotell og restaurantar. Han har fleire nye, prangande bygningar med god plass mellom seg, mellom anna det burmesiske parlamentet, presidentpalasset og Uppatasanti-pagoden, ein modell av Shwedagon-pagoden i Yangon. Det finst også fleire museum og ein dyrehage her.

Byen har lufthamn og vegsamband til Yangon.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra