Nebblaksetobis
Nebblaksetobis (Magnisudis atlantica) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som lever i dei fleste av dei tempererte og tropiske hava i verda.
Nebblaksetobis | |
Nebblaksetobis | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Øglefiskar Aulopiformes |
Familie: | Laksetobisfamilien Paralepididae |
Slekt: | Magnisudis |
Art: | Nebblaksetobis M. atlantica |
Vitskapleg namn | |
Magnisudis atlantica |
Utsjånad
endreFisken er lang og smal med spist hovud og stor munn. Kroppen minner om den til ein barrakuda,[1] og bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak. Den lengste finnen, analfinnen, har mellom 21 og 25 finnestråler. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne.[2] Lengda kan bli opptil 56 cm.[3]
Levesett
endreNebblaksetobis er ein pelagisk fisk som lever frå havoverflata til djupner på 4 700 meter. Føda består av småfisk og reker. Arten er sjølv føde for haiar, tunfisk og kvalar. Han har ingen særskild paringssesong, men kan formeira seg heile året.[3]
Utbreiing
endreArter er blitt funnen i alle tempererte og tropiske hav mellom 69°N og 61°S. Han går berre sjeldan inn i Nordsjøen (den nordre delen) og Skagerrak, og finst ikkje i Middelhavet.[3]
Kjelder
endre- ↑ Curry-Lindahl, Kai: Våra fiskar : havs- och sötvattensfiskar i Norden och övriga Europa, Norstedts, Stockholm 1985, s. 361. ISBN 91-1-844202-1.
- ↑ Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 108-109. ISBN 91-518-3505-3.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Froese, Rainer (20. april 2010). «Magnisudis atlantica (Krøyer, 1868) Duckbill barracudina» (på engelsk). Fishbase. Henta 1. juli 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Laxtobis» frå Wikipedia på svensk, den 14. juni 2022.