Makrellstørje

fiskeart
Makrellstørje
Makrellstørje
Makrellstørje
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Scombriformes
Familie: Makrellfamilien Scombridae
Slekt: Thunnus
Art: Makrellstørje T. thynnus
Vitskapleg namn
Thunnus thynnus

Makrellstørje (eller størje; i kokeboka mest kjend som tunfisk) er ein av dei største beinfiskane i havet. Ho liknar makrellen av utsjånad, og smakar heller ikkje så ulikt makrell – men ho er mykje større, opp til 3 m lang og 500–725 kg. Ho kan verte kring 40 år gammal.[1]

Namnet størje (norrønt styrja) kan vere ei avlydsform av stor, slik at namnet tyder stor makrell. Det er òg mogleg at ordet kjem av å styra, og at det såleis speglar folketru om at ulike fiskeslag hadde eigne høvdingar som ikkje likna dei vanlege individa, jamfør sildekonge og laksestørje. Namnet tunfisk kjem via latin thunnus frå gresk, og kan tyde 'fisk som styrtar av stad'. Framdelen av kroppen er dekt med eit panser av samanvaksne skjel. Ryggen er blåsvart, sidene skin likt perlemor og buken er kvit.

Austleg markrellstørje gyt om våren i varme hav på avgrensa lokalitetar i Middelhavet. Typiske oppvekstområde er: Middelhavet, kysten av Portugal og Biscaya. Vanleg føde er krepsdyr, småfisk og blekksprut som ung. Vaksne fiskar tek stimfisk som makrell, sild, ansjos, tobis og brisling.[1]

Makrellstørje under vatn.
Makrellstørje fiska i Spania.

Makrellstørja i norsk fiske endre

Størja er ein kjend fisk på norskekysten. Etter krigen tok størjefisket seg kraftig opp., og i norsk statistikk viser at det i 1935 vart fiska 152 tonn, i 1945: 722 tonn. Største fangstar var det i 1952 , då vart det fiska 11 480 tonn størje på norskekysten. Så gjekk fangstane sterk tilbake. I 1980 var det fiska berre 282 tonn, og i 1985 berre eit tonn. Så var makrellstørja borte frå norske farvatn i mange år

Overfiske er truleg hovudårsaka til at størja vart borte, både fisket under næringsvandringane, og fisket som skjer i gyteområda.

Seinare har makrellstørja kome attende. Det vart gjort observasjonar i 2012. etter det har ho vorte meir vanleg. Det vart starta regulert fiske i 2014. Då var kvota 30 tonn. Bestanden har teke seg opp, og i 2023 kan ein fiske 383 tonn.[2]

Til størjefiske må fiskaren bruke kraftig reiskap. Bruk av handharpun var lenge ein vanleg fangstmåte. Frå eldre steinalder har ein har funne harpunar, skutlar, mellom anna i Skipshelleren i Vaksdal. Desse har stor likskap med skutlane av jarn slik vi kjenner dei fra historisk tid. I Skipshelleren er det funne størjebein som vert tolka som at skutlar var brukt til makrellstørjefangst.[3]

Kongsberg Våpenfabrikk produserte på 1950-talet eit eige størjegevær for fangst av makrellstørje. Størjegever vart òg laga av private.[4]

Etter krigen har størja for det meste vorte fanga med snurpenot, til dette fisket vart det bruka eigne forsterka nøter. Ringnot og kraftblokk har vist seg som svært effektiv reiskap. Det er ikkje lenger høve til å fiske makrellstørje med line.[5] Av kvoten for 2023 er 10 tonn avsett til merk- og slipp og rekreasjonsfiske, der godkjende lagleiarar og mannskap , etter søknad, kan delta i stangfiske etter makrellstørje i tida 13. mai til og med 31. desember.

Gjeldende minstemål på makrellstørje er 115 cm og 30 kg

Sjå òg tantei.

Kjelder endre

  • Tore Drevvatne: «Størje-eventyret på Helgelandskysten» i Årbok for Helgeland 2002
  • Falk og Torp (1906): Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog
Fotnotar
  1. 1,0 1,1 «Tema: Makrellstørje». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 26. oktober 2022. Henta 13. april 2023. 
  2. «Fiske etter makrellstørje i 2023». Regjeringen.no. 9. mars 2022. Henta 13. april 2023. 
  3. «Størjefangst med skutel - i forhistorisk og historisk tid - SPOR». SPOR. 24. januar 2022. Henta 13. april 2023. 
  4. «Harpun». digitalmuseum.no. 5. oktober 2021. Henta 13. april 2023. 
  5. «Fiske etter makrellstørje». Fiskeridirektoratet. Henta 13. april 2023. 

Bakgrunnsstoff endre