Nemunėlis (latvisk Mēmele) er ei elv nord i Litauen og sør i Latvia. Ho spring ut 6 km sør for Rokiškis og renn 191 km før ho renn saman med Mūša nær byen Bauska og dannar den nye elva Lielupe. 75 km av elva renn i Litauen, 76 km langs grensa mellom dei to landa og resten berre i Latvia.

Nemunėlis
Mēmele
elv
Mēmele i Bauska
Land  Litauen,  Latvia
Nedslagsfelt 4 048 km²
Lengd 191 km
Middelvassføring 95 /s
Kjelde Lūšna i Rokiškis fylke
Munning Lielupe
Kart
Nemunėlis
55°54′41″N 25°36′05″E / 55.911432°N 25.601472°E / 55.911432; 25.601472
Wikimedia Commons: Nemunėlis-Mēmele

EU gav 100 000 Euro for å oppretta turistruter langs Nemunėlis. Dette opplegget stod ferdig i 2007 med utleige av kajakkar og båtar, i tillegg til campingplassar.[1]

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. Kęstutis Slavinskas, Nemunėlis pritaikomas turizmui, Šiaurės rytai, 17. mai 2006.