Nenad Stekić
Nenad Stekić (fødd 7. mars 1951) er ein jugoslavisk-serbisk tidlegare friidrettsutøvar som internasjonalt tevla i lengdehopp. Han vann sølvmedaljen i øvinga både under EM 1974 og EM 1978.
Aktiv
endreStekić hoppa seg inn i verdseliten i 1973-sesongen då han presterte 8,12 meter som best. Året etter forbetra han den jugoslaviske rekorden til 8,15 meter, før han vart andremann i øvinga under europameisterskapen i Roma, 7 centimeter bakom Valerij Podluzjnyj. Siste helga i oktober 1974 vann han ei internasjonal tevling med 8,24 m, det nest beste lengdehoppet i verda den sesongen. Den 25. juli 1975 landa Stekić på 8,45 meter ved eit stemne i Montreal, einast verdsrekordhaldar Bob Beamon hadde då hoppa lengre. I 1976 fekk Stekić notert 8,39 m i sitt bestehopp, men under vanskelege tilhøve under OL-finalen i Montreal måtte han nøye seg med 7,89 m og ein sjetteplass.
Både i 1977- og 1978-sesongen toppa Stekić lista over årsbeste i verda i lengdehopp. I 1977 målte lengste hoppet 8,27 m og i 1978 landa han på 8,32 meter ved eit stemne i Rovereto, det siste oppnådd ei veke etter han kom på andreplassen under EM i Praha med sine 8,12 m. Frå 1979 til 1986 heldt Stekić framleis eit høgt internasjonalt toppnivå, men var tidvis plaga av skadar. Så seint som i 1986, 35 år gammal, vart han målt til 8,19 m. Han slutta tevle for godt i 1991.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1974 i Roma: Sølvmedalje – 8,05 m, bakom Valerij Podluzjnyj (8,12 m)
- OL 1976 i Montreal: Nr 6 – 7,89 m
- EM 1978 i Praha: Sølvmedalje – 8,12 m, bakom Jacques Rousseau (8,18 m)
- OL 1980 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (5,75 m=nr 30)
- EM 1982 i Aten: Nr 5 – 7,93 m
- VM 1983 i Helsinki: Nr 5 – 8,09 m
- OL 1984 i Los Angeles: Utslått i kvalifiseringa (7,60 m=nr 14)
- EM 1990 i Split: Utan resultat
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nenad Stekić» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2020.