Nenagh
Nenagh (irsk An tAonach) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret og største by i North Tipperary i County Tipperary og ligg sentralt på Irland. Byen har litt over 7 000 innbyggjarar og ligg ved elva Nenagh, som munnar ut i Lough Derg ved Dromineer, 9 km mot nordvest.
Nenagh | ||
---|---|---|
Nenagh Castle | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Provins Grevskap |
Irland Munster County Tipperary | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2006) |
7 415 | |
Koordinatar | 52°51′59″N 8°11′54″W / 52.86639°N 8.19833°W | |
Høgd over havet | 72 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Heimeside: www.nenaghtc.ie |
Fjella Silvermines ligg sør for byen og den høgaste toppen her er Keeper Hill med ei høgd på 694 moh. Silvermines har hatt sølvgruver og utgraving av andre grunnmetall i over sjuhundre år. Nenagh var opphavleg ein kjøpstad og det irske namnet An tAonach tyder «Ormondemarknaden». Nenagh er i dag eit travelt handelssenter.
Av dei største attraksjonane i byen finn ein Neagh Castle, som vart bygd av Fitzwalter-familien på 1200-talet, og er eit av dei flottaste av sitt slag i Irland. Andre attraksjonar er fransiskanarklosteret, som vart bygd i 1212 under regjeringstida til Henrik III og som var eit av dei rikaste religiøse husa på Irland. Det var i bruk i seks hundre år.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nenagh» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2007.