Lough Derg
- For innsjøen i County Donegal, sjå Lough Derg i Donegal.
Lough Derg (Loch Deirgeirt på irsk) er den nest største innsjøen i Republikken Irland (etter Lough Corrib), og den tredje største på heile Irland (etter Lough Neagh). Han er ein lang og relativt smal innsjø med bredder i grevskapa North Tipperary (i aust), Galway (nordvest) og Clare (sørvest). Innsjøen er den siste av tre innsjøar som elva Shannon renn gjennom. Dei to andre, Lough Ree og Lough Allen, ligg lenger nord. Nokre av landsbyar langs Lough Derg er mellom anna Garrykennedy, Portumna, Killaloe og Ballina, Dromineer, Terryglass og Mountshannon.
Lough Derg | |||
innsjø | |||
Utsyn mot County Clare frå County Tipperary over den sørlege delen av innsjøen.
| |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Lough | ||
Tilsig | Shannon | ||
Utløp | Shannon | ||
Opphaldstid | 1,8 månader | ||
Høgd over havet | 33,5 moh. | ||
Areal | 118 km² | ||
Middeldjupn | 7,6 m | ||
Største djupn | 36 m | ||
Volum | 0,887 km³ | ||
Kystlengd1 | 179 km | ||
Koordinatar | 52°59′N 8°19′W / 52.983°N 8.317°W | ||
Byar | Garrykennedy, Portumna, Killaloe og Ballina, Dromineer, Terryglass | ||
Lough Derg 52°59′00″N 8°19′00″W / 52.983333333333°N 8.3166666666667°W | |||
Plasseringa på Irland
| |||
Wikimedia Commons: Lough Derg (Munster) | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
På det djupaste er innsjøen 36 meter[1] og dekkjer eit areal på 118 km². Innsjøen er ein populær stad for båtturar, segling og fiske. Der Shannon renn vidare frå Lough Derg renn ho bratt nedover ein ås, og her vart vasskraftverket Ardnacrusha bygd i 1927, som på den tida var det tiande største i verda.
På 1800-talet var Lough Derg ei viktig transportåre frå hamna ved Limerick til Dublin gjennom kanalar sentralt i Irland. Universitet i Limerick har eit aktivitetssenter ved innsjøen, like utanfor Killaloe.
Landsbyar og mindre byar
endreSjå òg
endre- Innsjøar på Irland
- Lough Derg i Donegal, ein annan irsk innsjø med same namn.
Kjelde
endreKjelder
endre- ↑ International Lake Environment Committee Foundation, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 18. oktober 2007
- Denne artikkelen bygger på «Lough Derg» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2007.