Neon Lights
Neon Lights Singel av Kraftwerk frå albumet Die Mensch-Maschine | ||
B-side |
«Trans-Europe Express» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1978 | |
Sjanger | Elektronisk musikk | |
Lengd | 9:03 (album) 3:21 (singel) | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Ralf Hütter, Florian Schneider, Karl Bartos | |
Tekstforfattar | Ralf Hütter | |
Produsent | Ralf Hütter, Florian Schneider | |
Kraftwerk-kronologi | ||
«The Model» (1978) |
Neon Lights | «Pocket Calculator» (1981)
|
«Neon Lights» (tysk versjon: «Neonlicht») er ein song av Kraftwerk frå albumet deira Die Mensch-Maschine i 1978. Songen vart opphavleg gjeveb ut som B-side til singelen deira «The Model» («Das Model»), men seinare vart sidene byta om.
Lister
endreListe (1978/1979) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart[1] | 53 |
U.S. Billboard Hot Dance Club Play[2] | 39 |
Andre versjonar
endre«Neon Lights» vart omarbeidd til eit tema for eit kanadisk dataopplæringsprogram på TV i 1983 kalla Bits and Bytes. Songen vart spelt inn av Love Tractor på 'til the Cows Come Home (1984). OMD spelte inn ein versjon for albumet deira Sugar Tax i 1991. Songen vart òg framført av Señor Coconut y Su Conjunto på El Baile Alemán, eit album av Kraftwerk-songar gjort i latinamerikansk stil. Simple Minds gav i 2001 ut coveralbumet Neon Lights og hadde med songen. U2 spelte òg inn ein versjon av «Neon Lights» for somme versjonar av singelen «Vertigo» i 2004.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Neon Lights» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Chart Stats - Kraftwerk - Neon Lights». Henta 28. mars 2013.
- ↑ «Kraftwerk > Charts & Awards > Billboard Singles». Allmusic. Henta 28. mars 2013.