Nepals kommunistiske parti (maoistisk)

Nepals Kommunistiske Parti (maoistisk), i Nepal kalla Nepal Kamyunishta Parti (Maobadi) eller ofte berre Maobadi eller the maoists, (maoistane), er eit kommunistparti i Nepal som vart grunnlagt i 1994. NKP(m) stod i spissen for det som truleg var det største bondeopprøret i verda på 2000-talet, og sit no i ei overgangsregjering saman med parti frå sjupartialliansen for demokrati i Nepal.

Nepals kommunistiske parti (maoistisk)
LandNepal
Partileiar(ar)Prachanda
Grunnlagt1994
Nedlagt17. mai 2018
HovudkvarterKatmandu
Ideologikommunisme, Maoisme Sjå dette på Wikidata
Prachanda

Politikk endre

Målet om eit klasselaust samfunn er fjernt for NKP(M), som lever i det partiet meiner er eit halvføydalt og halvkonolialt samfunn, på same måte som Kina før den kinesiske revolusjonen. Dei følgjer ei nokså ortodoks tolking av Mao sine strategiske og taktiske retningsliner.

I første omgang vil NKP(M) fjerna føydalismen, og opna opp for innføringa av ein moderne økonomi og demokrati. I Vesten kan ein gjerne sjå på det som eit paradoks at eit kommunistparti kjempar for å innføra kapitalismen, men i røynda har dei borgarleg-demokratiske rettane me har i Vesten i dag, i stor grad gått hand i hand med innføringa av kapitalismen og den industrielle revolusjonen. Slik sett ligg Nepal berre langt bak oss i utviklinga, og den revolusjonen NKP(M) jobbar for i dag, og er i ferd med å få til, er berre ei slags ny utgåva av den franske revolusjonen, noko Mao kalla ein nydemokratisk revolusjon. Først seinare vil maiostane leggja strategien for ein overgang frå kapitalismen til sosialismen og kommunismen.

Historie endre

Opphavet endre

Då kongen gjorde statskupp og innførte diktatur i Nepal i 1960, vart Nepals kommunistiske parti splitta. Nokre av leiarane støtta kuppet, fleirtalet var mot. I tillegg førte den opne splittinga mellom kommunistpartia i Kina og Sovjetunionen til enno større usemjer i NKP. I 1962 vart den eine fløyen ekskludert, og kommunistane i Nepal har etter dette vore organiserte i mange ulike parti.

I 1990 samla to av dei største partia og nokre mindre grupper seg, og danna Nepals Kommunistiske Parti (einskapssenteret) (på nepali: NKP(Ekda Kendra) (EK)). I mai 1994 vart partiet splitta, og majoriteten, mellom anna Baburam Bhattarai, som var leiar for valfronten deira, Nepals Sameinte Folkefront (United People's Front Nepal - UPFN) og partileiaren Prachanda, stifta NKP (Maobadi).

Partiet heitte framleis NKP (Ekda Kendra) fram til mars 1995, då dei offisielt skifta namn til NKP (Maobadi). I perioden mai 1994 til mars 1995 fanst det altså to parti som kalla seg NKP(Ekda Kendra). Det minste av desse, leia av Nirmal Lama, heldt fram med å bruka namnet NKP(EK) fram til 2002, då dei slutta seg til det nye partiet NKP (Ekda Kendra Masal).

Valfronten UPFN sprakk òg. Båe fløyene gjorde krav på å vera det eigentlege UPFN med rett til å stilla til val. Valstyresmaktene støtta Nirmal Lama sin fløy, så dei fekk bruka UPFN-namnet i valet i 1994, utan at dei vart valde inn. Prachanda og Bhattarai sin fløy erklærte at dei på grunn av dette ikkje lenger ville stilla til val. Dei trekte tilhengjarane sine ut av parlamentet, deltok ikkje i valet i 1994, og starta offisielt førebuingane til den væpna nepalske bonderevolusjonen.

 
Familie i maoist-kontrollert område

NKP(m) sin folkekrig endre

4. februar 1996 presenterte Baburam Bhattarai på vegner av UPFN 40 krav til statsministeren. Desse måtte verta oppfylte om det ikkje skulle bryta ut eit opprør. Svarfristen var sett til 16. februar. Krava var stort sett svært moderate, og omfatta til dømes ikkje avskaffing av det undertrykkjande monarkiet. Det viktigaste politiske kravet var frie val på ei grunnlovgjevande forsamling. Elles gjaldt det mellom anna endringar av urettferdige avtalar med India, oppheving av diskriminering av kvinner, kastelause, nasjonale og religiøse minoritetar, slutt på undertrykkjing og velferdstiltak.

Starten på borgarkrigen endre

Tre dagar før fristen gjekk ut, 13. februar 1996, starta eit par tusen aktivistar, som skal ha vore utstyrte med to gevær, men berre eitt som fungerte, det partiet kallar Jana Yuddha (nepali for Folkekrigen) med ein serie åtak på politistasjonar og distriktshovudkvarter i avsidesliggjande område.

I den første fasen av krigen, frå 1996 til 2001, var det lite krigshandlingar og talet på falne var om lag 2000. I Katmandu fanst det både politikarar som ville trappa opp, og politikarar som hevda at krigen måtte løysast gjennom forhandlingar. NKP(m) sa seg viljuge til å forhandla.

Royal Nepal Army heldt seg ute av krigen. Dette vart oppfatta som eit uttrykk for at kong Birendra, som hadde gått med på den nye grunnlova etter at det kongelege diktaturet vart styrta i 1990, ville halda avstand til krigen. Etter grunnlova hadde kongen kommandoen over armeen, medan regjeringa kommanderte over hæren.

1. juni 2001 vart kong Birendra, kona hans og sju nære slektningar drepne med maskinpistol. Den som fekk skulda for drapa var sonen til kongen, som skal ha teke sitt eige liv tre dagar etterpå. Dei som overlevde var kongen sin upopulære bror, Gyanendra og familien hans. Svært mange meinte at Gyanendra hadde hatt noko med massakren å gjera. Kroninga av Gyanendra som konge vart møtt med demonstrasjonar. Politiet skaut og drap fleire demonstrantar, og det oppstod unntakstilstand. 6. juni skreiv NKP(m) sin sjefsideolog B. Bhattarai ein artikkel i den største avisa i Katmandu, der han oppmoda hæren om å ikkje verna slottet, men heller slutta seg til folket. Politiet svarte med å arrestera tre redaktørar for høgforræderi.

Borgarkrigen under kong Gyanendra endre

Forhandlingar kom i gang sommaren 2001, men braut snart saman. Og no var hæren med i krigen for fullt, og tapa vart større på båe sider. Mønsteret med forhandlingar, samanbrot og nye og blodigare slag skulle gjenta seg fleire gonger dei neste åra. Kong Gyanendra kom òg i skarpare konflikt med regjeringane sine, med parlamentet og med dei parlamentariske partia, og vart skulda for å lengta attende til tida med absolutt diktatur.

Gyanendra var ein av mange statssjefar som drog nytta av at den såkalla krigen mot terror tok til i 2001. Han fekk Sambandsstatane til å definera maoistopprøret som ein front i den krigen, og fekk difor mykje militær støtta frå USA, India, Vest-Europa og Kina, og det såg lyst ut for han. Utanlandske regjeringar trudde og ei stund på hæren sine påstandar om at alt gjekk stadig betre, og at det berre var eit spørsmål om tid før opprøret var slege ned. Dei største parlamentariske partia var òg med ei god stund. Dei krangla med Gyanendra, men dei ville òg danna regjeringar for han. Då måtte dei òg støtta krigen.

Til gjengjeld dreiv NKP(m) dei ut av stadig større område. Partia kom mellom barken og veden (maoistane og kongen), og dei valde i første omgang å støtta kongen. Dei stilte mellom anna opp for kongen i kontaktar med utanlandske politikarar og pressefolk. Leiaren av UML (NKP (sameina marxist-leninistar)) sa så seint som i 2004 at påstandane om at hæren driv med tortur var løgn frå utlendingar, stikk i strid med kva Amnesty International og andre menneskerettsorganisasjonar hevda. Etter kvart vart stillinga til kongen stadig meir vanskeleg. Først og fremst vart det meir tydeleg for alle - òg for utanlandske regjeringar - at opprøret ikkje gjekk attende. Tvert imot vann maoistane både land, oppslutnad og militære slag.

Maoistane byrja å gjennomføra blokadar av Katmandu. Dei stoppa all trafikk inn og ut, deretter heva dei blokaden att. Nokre kommentarar i utanlandsk pressa spekulerte i om dette kunne vera starten på militære offensivar for å ta storbyane. Men dette ville ha vore i strid med NKP(m) sin militære strategi, og dei var dessutan ikkje klåre til å ta makta. Blokadane var politiske. Målet var å visa at hæren ikkje kunne hindra dei i å gjera det dei ville. Dei var òg nøye med å ikkje halda blokadane så lenge at det kunne skada økonomien eller folket i Katmandu. Målet var ikkje å skada byen, men å varma opp dei politiske motsetnadane i Katmandu.

Framande regjeringar byrja no å sjå kongen sin politikk som ei årsak til problema, og ikkje som ei løysing. I dei parlamentariske partia, særleg på grunnplanet hjå UML, voks kravet om forhandlingar om ein varig fredsavtale. Gyanendra såg slike tingingar som eit farleg trugsmål mot si eiga stilling. For NKP(m) var overgang til republikk eit sentralt krav. For Gyanendra, som tvert om ville styrka monarkiet, ville det vera uakseptabelt. For å styrka posisjonen sin, kravde kongen at partia anten godtok nyval eller at han tok makta åleine. Dei største partia hadde ikkje hatt høve til å driva politikk i dei viktigaste valkretsane sine på fleire år. Dei vart rivne opp av indre strid, og såg heller inga framtid i å bøya seg for eit kongeleg diktatur. Ut over hausten 2004 vart det klårt at kong Gyanendra ikkje såg annan utveg enn å ta over all makt og setja inn si eiga regjering, uavhengig av parlamentet. Han freista å få støtta for dette i Delhi, men den indiske regjeringa meinte dette ville forverra situasjonen.

Kongen såg likevel ingen annan utveg. Han meinte at i ein krig som stod direkte mellom maoistane og kongen, ville stormaktene, særleg India, verta nøydde til å gripa inn og støtta han. Då kuppet hans kom 1. februar 2005, viste det seg at kongen hadde forrekna seg. India fordømte kuppet, det same gjorde FN og EU. USA uttalte seg meir forsiktig, men har respektert våpenboikotten av Nepal. Brått stod kongen åleine, utan støtta frå dei stormaktene som hadde sett han i stand til å halda krigen i gang. NKP(m) svarte på kuppet med å straks tilby dei parlamentariske partia ein einskapsfront for å innføra demokratiet att, og lova å respektera demokrati og fleirpartival når dei saman hadde styrta kongen. I ettertid kan det verka som om kong Gyanendra har vore ein hovudfaktor for NKP(m) sin valdsame framgang etter at kong Birendra døydde.

Indre strid mellom Prachanda og Bhattarai endre

Ikkje lenge etter at kongen sitt statskupp hadde skapt ein gunstig situasjon for NKP(m), braut det ut open strid mellom partiet sine to mest markante personar, Prachanda og Baburam Bhattarai. Først trudde folk at dette var propaganda frå hæren. Men snart vart det offentleggjort dokument der dei to gjekk laus på einannan. Denne striden vart sett på som særs alvorleg. Prachanda og Bhattarai kom frå to ulike parti under omgrupperinga etter 1990, og kvar tok med seg sine tilhengjarar inn i det nye maoistpartiet. Dessutan representerte dei ulike arbeidsfelt, så ei splitting ville kunna føra til at partiet ville missa viktige delar av partiapparatet sitt.

Medan Prachanda var den valde leiaren av partiet, og styrte hæren deira, var det Bhattarai som representerte partiet i offisielle samanhengar. Prachanda vart rekna som den fremste politiske, ideologiske og teoretiske autoriteten internt i partiet. Omgrepet Prachanda-Vegen, som var namnet på den ideologiske retninga til partiet, uttrykkjer at Prachanda er opphøgd til ein autoritet på lina med Marx, Lenin og Mao. Bhattarai var ein kjend teoretikar, og ein av Nepals fremste intellektuelle. Rota til striden var ein kritikk mot Prachanda frå Bhattarai, der han mellom anna kritiserer Prachanda for å gjera seg sjølv til diktator, og meinte at Prachanda-Vegen var i strid med marxismen. Prachanda svarte med å kalla Bhattarai ein borgarleg opportunist og egoist, og sparka han og medarbeidarane hans ut av sentralkomiteen i partiet. Skuldingane var så sterke at dei ville vanlegvis ha ført til at den sigrande parten ekskluderte motparten. Situasjonen var altså svært alvorleg.

Ut over våren 2005 skjedde det uventa ting. Først dukka Bhattarai opp i New Delhi i mai. Så kom ei overraskande melding frå Prachanda, der han uttalte at Bhattarai var teken inn att i sentralkomiteen og at motsetnadene i partiet var løyste. Bhattarai stadfesta dette, men heldt fram med å kritisera Prachanda. Han sa at partiet hadde brukt feil metodar mot han, og samanlikna saka med Stalin sine forfølgingar av opposisjonelle i SUKP.

Samling med Sjupartialliansen endre

Dei parlamentariske partia vart meir og meir interesserte i å jobba saman med NKP(m). Etter kuppet var dei i strid med kongen, og ville ikkje ha ein sjanse til å danna regjering. Dei to største partia, UML og Nepals Kongressparti, gjekk saman med fem mindre parti og danna Sjupartialliansen, og slutta seg til demonstrasjonane mot kongen og for fred, som dei få månader før hadde vore mot. Maoistane lova på si sida å hindra dei andre partia sitt politiske arbeid. Partia svarte med å senda leiarar ut og halda store folkemøte og demonstrasjonar i område kontrollert av maoistgeriljaen.

Regjeringa i India hadde lenge sett med uro på at det vesle, fattige nabolandet sokk ned i ein stadig meir valdsam borgarkrig, som òg kunne breia seg til India sine delstatar. Delhi hadde satsa på kongen, men såg no at han var i ferd med å tapa. No skifta India strategi, og meinte tydelegvis at NKP(m) måtte inn i den politiske prosessen for at konflikten skulle løysast. NKP(m) hadde iallfall frå tida rundt 2000 slått fast at ein siger i revolusjonen i Nepal kunne dei ikkje oppnå utan å i det minste nøytralisera motviljen til ein av dei to kjempestore nabostatane, Kina eller India. NKP(m)-leiinga meinte det ville vera lettast å få til ei slik strategisk nøytralisering av Kina. Når det gjaldt India, hadde dei venta at utviklinga av revolusjonen ville føra til indisk intervensjon, og at India ville verta den militære hovudfienden.

Over sommaren 2005 var fronten samla. Sjupartialliansen kravde at NKP(m) skulle leggja ned våpna og stilla til val. Prachanda sa seg viljug til båe deler, og proklamerte våpenkvile frå 3. september. Kongen avviste våpenkvilen, og vart igjen internasjonalt fordømt. Han førebudde så val utan dei store partia, og fekk registrert nye, kongetru parti, noko som forsterka sjupartialliansen si oppfatning om at han måtte vekk. USA bad sjupartialliansen om å ikkje inngå nokon avtale med NKP(m), medan Kina trappa opp støtta til kongen.

19. november vart det inngått ein avtale, som seier at partane sitt felles mål er å avskaffa det autokratiske monarkiet og gjennomføra frie val til ei grunnlovgjevande forsamling, overvåka av SN. Elles fastslo avtalen at partane skulle løysa gamle konfliktar seg imellom.

Prachanda erklærte våpenkvilen for oppheva 2. januar 2006. Sjupartialliansen la skulda på militære provokasjonar frå kongen. Kong Gyanendra lyste ut kommuneval 8. februar 2006. Valet omfatta berre dei 58 bykommunane, med litt over tre millionar innbyggjarar. Utover i januar var det militære samanstøytar mellom regjeringshæren og maoistane. Partia i sjupartialliansen arrangerte store demonstrasjonar. Valet vart ein stor fiasko. Nokre stader kunne det ikkje gjennomførast val i det heile, for det var ingen kandidatar som stilte til val.

I mars 2006 vart det forhandla fram ein ny avtale, der NKP(m) og Sjupartialliansen forpliktar seg til å danna regjering saman og førebu val på ei ny grunnlovgjevande forsamling, og til å starta ei protestrørsla mot diktaturet frå 5. april. Denne protestrørsla var meint som ein generalstreik, men fekk karakter av eit folkeopprør i dei byane der den kongelege regjeringa hadde kontrollen. Opprøret varte i 19 dagar, og vart samanlikna med det store opprøret Jana Andolan i 1990. Folk frå landsbygda reiste òg inn til byane for å delta i demonstrasjonane. Eit viktig krav for folkemassane var å fjerna monarkiet. NKP(m) hadde vore defensive med dette kravet i forhandlingane med dei andre partia, men no tok dei det opp att med større kraft. Politisk vart opprøret ein stor framgang for NKP(m). Det var no dei gamle krava til NKP(m) som vart førte fram, i demonstrasjonar som var starta av Sjupartialliansen. Opprøret tok slutt då Kong Gyanendra om kvelden 24. april erklærte at han gav ifrå seg makta til parlamentet som vart valt i 1999.

 
Valpropaganda for NKP(m), i form av grafitti.

Krigen over - NKP(m) til makta endre

25. april godtok Sjupartialliansen Gyanendra sin kapitulasjon, og sette inn leiar av Nepals Kongressparti, G.P. Koirala som ny statsminister. Prachanda kalla dette ein stor feil og eit avtalebrot. Han meinte at Sjupartialliansen ikkje skulle godta noko frå kongen, men halda fram med å protestera til han gjekk av. Maoistane blokkerte vegane inn til Katmandu, men opna att då Koirala forsikra dei om at avtalen stod ved lag. NKP(m) erklærte så ei tre månaders einsidig våpenkvile. Tidlegare ettersøkte medlemer av partiet stod fram og talte, og Prachandra fekk Sjupartialliansen til å gå med på frigjeving av fengsla maoistar.

Parlamentet brukte den første samlinga si etter opprøret til å ta all makt frå kongen, eigentleg i strid med grunnlova frå 1990, og å vedta at Nepal skulle vera ein sekulær stat. NKP(m) var forsiktig positive til dette, men var samstundes uroa for at Sjupartialliansen skulle velja å flikka på den opphavlege grunnlova framføre å laga ei heilt ny. Samstundes blussa kampen for det kongelege diktaturet opp att, og ekstreme religiøse miljø laga store demonstrasjonar saman med royalistane. Hæren synte misnøya med fredspolitikken, og likte ikkje at maoistane hadde fått gjennomslag for sine saker. Likevel våga ikkje Koirala å setja av leiarane i hæren. I slutten av mai delte det eine partiet i Sjupartialliansen seg, og tre av dei seks parlamentsmedlemane deira gjekk ut av partiet. Fløyen som gjekk ut, leia av Mohan Bikram Singh, var mot regjeringsdeltakinga og ønskte ei hardare lina mot maoistane i fredsforhandlingane.

5. mai sa NKP(m) at dei var klåre til å starta fredsforhandlingar. NKP(m) sende ein delegasjon på tre personar, leia av Krishna Bahadur Mahara, til Katmandu for å møta representantane til Sjupartialliansen. Dei kom fram til ein avtale på 25 punkt. Den neste tida verka det som om problema mellom NKP(m) og Sjupartialliansen auka. Dei ulike partia i alliansen prøvde å posisjonera seg i høve til tidlegare val, for å stå sterkare i framtida. Statsministeren uttrykte støtta til konstitusjonelt monarki, noko som førte til sterke protestar også innan Sjupartialliansen. Maoistane var redde for at alliansen ville halda på parlamentet frå valet i 1999 lengst mogleg, for å halda NKP(m) unna makta, så dei la press på Sjupartialliansen for å få dei til å halda det NKP(m) såg på som den opphavlege avtalen. Den 16. juni 2006 kom partane fram til ein 8-punkts avtale. Den omfatta m.a. å laga ei førebels grunnlov, oppløysa både 1999-parlamentet og maoistane sine regjeringsorgan, danna koalisjonsregjering og gjennomføra frie fleirpartival på grunnlovgjevande forsamling.

1. april 2007 var samlingsregjeringa eit faktum. Regjeringa hadde fem maoistiske ministrar, som fekk ansvaret for departementa for informasjon, lokal utvikling, planlegging og arbeid, skogbruk og kvinner og barn[1].

Oppslutnad om NKP(m) sine krav endre

18. september 2007 trekte maoistane seg frå regjeringa, fordi dei andre partia likevel ikkje ville gå inn for partiet sine krav om overgang til republikk før valet i november og eit proporsjonalt valsystem[2]. Maoistane varsla samstundes at dei ville setja i gang gateprotestar for innføring av republikk og for å sikra at valet skulle gjennomførast, men at dei ville halda våpenkvila.

Etter protestane frå maoistane, vedtok nasjonalforsamlinga den 4. november at valsystemet skulle vera proporsjonalt, og at ein skulle innføra republikk etter valet, når ein skal laga ei ny grunnlov. Også maoistane røysta for dette kompromisset[3]. Våren 2008 vart det halde nytt val. Maoistane vart største parti i nasjonalforsamlinga og danna ei koalisjonsregjering med Prachanda som statsminister. I juni 2008 gjekk kong Gyanendra av, og Nepal vart endeleg republikk.[4]

I 2009 gjekk koalisjonsregjeringa i oppløysing etter at maoistane freista å gje hærsjefen sparken. Regjeringa vart erstatta av ein koalisjon der maoistane ikkje deltok.[4] Landet gjekk på ny inn i ein periode med uklåre politiske forhold. Grunnlovsarbeidet vart utsett, og nokre av maoistleiarane tok til orde for å ta opp att den væpna kampen.[5]

Ut over våren 2010 var maoistane i samtalar med Nepali Congress og UML om ei ny samlingsregjering. Men arbeidet gjekk seint fordi det var stor politisk avstand mellom maoistane og dei andre partia, og det var stor skepsis mot eit slikt samarbeid i alle dei tre partia. Det vart mellom anna kravd at maoistane skulle leggja ned dei militante avdelingane sine. Internt i partiet hadde mellom andre Bhattarai skulda Prachanda for å mela si eiga kaka, og mange maoistar var redde for at sakene dei var opptekne av skulle verta trenerte i systemet.[6]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. BBC News, 1. april 2007
  2. nepalnews.com, 18. september 2007, arkivert frå originalen 22. november 2008, henta 14. februar 2008 
  3. The Hindu News Update Cervice, 5. november 2007, arkivert frå originalen 16. mars 2008, henta 14. februar 2008 
  4. 4,0 4,1 globalis.no Arkivert 2010-03-28 ved Wayback Machine., nettatlas drive av FN-sambandet, vitja 4. juli 2010
  5. Artikkel Arkivert 2010-03-12 ved Wayback Machine. i Bistandsaktuelt (Norad sitt nyhendeorgan), skriven av Navin Singh Khadka.
  6. Klassekampen, 2. juli 2010, side 15