60°8′56″N 11°27′22″E / 60.14889°N 11.45611°E / 60.14889; 11.45611

Nes kyrkjeruinar
kyrkjeruinar

Foto: Lars Bjørn Hansen

Kart
Nes kyrkjeruinar
60°08′56″N 11°27′24″E / 60.14898694°N 11.456755°E / 60.14898694; 11.456755
Wikimedia Commons: Nes kirkeruiner
Video av Nes kyrkjeruinar

Nes kyrkjeruinar er restane etter ei mellomalderkyrkje i Nes kommune. Dei står på neset der elvane Glomma og Vorma renn i hop, ved Vormsund. Kyrkjestaden har gjeve namn til kommunen og kyrkja vart vald ut som tusenårsstad for kommunen.

Historie endre

Kyrkja på Nes vart bygd over ein tidlegare heidensk offerplass på 1100-talet.[treng kjelde] Det kan ha stått ei trekyrkje på staden før det rundt år 1100 vart bygd ei steinkyrkje i romansk stil. Frå utgravingane i 1957 veit ein at det opphavleg var ei kyrkje med eit skip i vest, noko smalare kor og ein apsis i aust. Seinare vart dette bygd til langkyrkje i romansk stil ved at koret og apsisen vart rivne.[1] Nes kyrkje var hovudkyrkja på denne delen av Romerike og var ei av tre fylkeskyrkjer på Romerike. I 1567, under sjuårskrigen mot Sverige, vart ho stukken i brann. Kyrkja vart bygd opp att og utvida til krosskyrkje i 1697.

lynet slo ned i kyrkja i 1854 brann ho ned att. På grunn av at kyrkja låg slik til at det var fare for at ho kunne rase ut i elva, vart ho ikkje reist igjen, men ny kyrkje vart bygd om lag 1 km lenger nord. Noko av inventaret vart redda og flytta til nye Nes kyrkje. I dag brukar ein kyrkjeruinane til å halda bryllaup, gudstenester og konsertar.

Galleri endre

Nes kirkeruin i 2005.

Nes kirkeruin før restaureringa i 1936.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. Sigrid og Håkon Christie: Nes kirkeruiner, Gamle Nes, Nes historielag