Nesterov
Nesterov (russisk Не́стеров, tysk Stallupönen eller Ebenrode, litauisk Stalupėnai, polsk Stołupiany) er ein liten by i dagens Kaliningrad oblast i Russland med om lag 5000 innbyggjarar.
Nesterov Нестеров | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Kaliningrad oblast | ||
Først nemnd i Bystatus |
1539 1722 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
4 812 | ||
Koordinatar | 54°38′00″N 22°34′00″E / 54.63333°N 22.56667°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 40144 |
Historie
endreI mellomalderen var dette området folkesett av det gammalprøysiske folket nadruvianarane. Områda deira vart erobra av Den tyske riddarordenen og innlemma i staten deira i Preussen med namnet Stallupönen etter elva (Stalupė i litauisk) i nærleiken. Deå Den tyske orden vart sekularisert i 1525, vart Stallupönen ein del av hertugdømet Preussen, seinare arva av huset Hohenzollern og vart ein del av markgreveskapet Brandenburg i 1618. Byen vart ein del av Kongeriket Preussen i 1701 og administrert som ein del av provinsen Aust-Preussen frå 1773. Under den prøyssisk-styrte tyske samlinga i 1871 vart Stallupönen ein del av Det tyske keisardømet.
I august 1914 vart byen og området rundt åstad for Slaget ved Stallupönen mellom Russland og Tyskland, noko som var med på å innleie kampane ved austfronten under første verdskrigen.
Byen har ein litauisk minoritet og Litauen ønsket derfor utan hell å få byen overført til landet etter første verdskrigen. I 1938 meinte dei tyske nazistiske styresmaktene at Stallupönen ikkje høyrdest tysk nok ut og endra namnet til Ebenrode.
Mot slutten av den andre verdskrigen vart byen okkupert av den raude armeen og området vart overført til Russiske SFSR i 1945 som ein del av Kaliningrad oblast.
Den tyske folkesetnaden i byen vart hovudsakleg evakuert vestover, eller forvist. Byen fekk namnet Nesterov etter Sergej Nesterov, ein sovjetisk krigshelt som vart drepen i nærleiken.
I dag er Nesterov administrasjonssenteret for Nesterovskij-disktriket og er eit kulturelt senter for den litauiske minoriteten i Russland. Han ligg rett ved den russisk/litauiske grensa på jernbanelinja som knyter Kaliningrad oblast med Moskva.
Kjende personar frå Stallupönen
endre- Friedrich Dulk (fødd 1788), kjemikar og farmasøyt som skreiv verket Preußische Pharmakopöe
- Felix Steiner (1896-1966), offiser som deltok både i første og andre verdskrigen
- Klaus Theweleit (1942-), tysk litteraturvitar og kulturteoretikar.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Nesterov» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.