Netscape Communications Corporation

(Omdirigert frå Netscape)

Netscape Communications Corporation var firmaet bak nettlesaren Netscape Navigator, den mest populære grafiske nettlesaren i 1990-åra.

Netscape Communications Corporation

Org.formAksjeselskap
BransjeProgramvare
Skipa4. april 1994
MorselskapAOL
HovudkontorMountain View
LandUSA
Produktprogramvare
Grunnleggjar(ar)Marc Andreessen, James H. Clark
Nettstadhttps://isp.netscape.com (engelsk)

Netscape sin opptur endre

Selskapet Netscape vart grunnlagt av Jim Clark og Marc Andreessen, som òg hadde utvikla den første grafiske nettlesaren, NCSA Mosaic, som gjennom konseptet Verdsveven spreidde Internett til ei stor brukargruppe. Universitetet der dei hadde utvikla dataprogrammet NSCA Mosaic, såg raskt verdien og kravde opphavsretten til det. Jim og Marc starta då selskapet Mosaic, som kort tid etter skifta namn til Netscape. Deira nye program Netscape Navigator (NN), som kom i oktober 1994, vart den mest populære nettlesaren på resten av 1990-talet.

Utover nettlesarar har Netscape utvikla ein tidlegare svært populær webtenar, Netscape Enterprise Server, USENET-tenaren Netscape Collabra, og mange ulike andre nett-tenarar. Selskapet har òg starta Mozilla, eit prosjekt for nettlesarar med open kjeldekode, og funne opp det mykje utbreitte programmeringsspråket JavaScript.

Netscape vart i mars 1999 kjøpt opp av selskapet America Online (AOL).

Nedturen til Netscape endre

I byrjinga kosta nettlesaren Netscape Navigator pengar, men etter at talet på Microsoft Windows-brukarar av Verdsveven byrja å ta innpå talet på UNIX-brukarar og Microsoft byrja å dele ut sin nettlesar, Internet Explorer (IE) gratis med operativsystemet Microsoft Windows, vart òg Netscape tvungne til å dele ut programvaren gratis. Men denne strategien var ikkje nok. Netscape sin del av marknaden dalte. Ein avgjerande faktor var då IE 5 vart lansert i 1999. På den tida var Internet Explorer meir avansert enn Netscape Navigator. Året etter kom den Mozilla-baserte Netscape 6, men den synte seg å vera altfor ustabil og greidde difor ikkje å kapra brukarar til Netscape.

Etter fleire meir eller mindre mislukka freistnader på å snu trenden, la AOL (som på det tidspunktet heitte AOL Time Warner) i juli 2003 ned utviklingsavdelinga i Netscape og oppløyste heile dotterselskapet.

Sjå òg endre