Gurjevsk i Kaliningrad oblast
(Omdirigert frå Neuhausen)
Gurjevsk (russisk Гу́рьевск, tysk Neuhausen, litauisk Romuva) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 10 km nordaust for Kaliningrad.
Gurjevsk Гурьевск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Kaliningrad oblast | ||
Grunnlagd | 1262 | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
10 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
11 471 1 147,1 /km² | ||
Koordinatar | 54°46′00″N 20°36′00″E / 54.76667°N 20.60000°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 238300 | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 40151 |
Byen vart grunnlagd som Neuhausen i 1262 av Den tyske riddarordenen. Han vart ein del av Hertugdømet Preussen i 1525 og Kongeriket Preussen i 1701. Han låg under provinsen Aust-Preussen og vart ein del av Det tyske keisardømet i 1871.
Etter den andre verdskrigen i 1945 vart byen annektert av Sovjetunionen. Den tyske folkesetnaden vart evakuert, utvist og erstatta med russarar. Året etter vart bynamnet endra til Gurjevsk.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.