Neumayer Channel
Neumayer Channel er eit sund i Antarktis som er 26 km langt frå nordaust til sørvest og kring 2,5 km breitt, og skil Île Anvers frå Wiencke Island og Île Doumer i Antarktiske Arkipel. Det sørvestlege innløpet til sundet vart oppdaga av Eduard Dallmann, leiaren for den tyske ekspedisjonen til området i 1873-74, og han namngav det Roosen Channel. Belgica-ekspedisjonen, 1897–99, under Gerlache, segla gjennom sundet og kalla det opp etter Georg von Neumayer. Det andre namnet har blitt ståande som det godkjende.
Neumayer Channel | |||
sund | |||
Neumayer Channel
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 64°47′S 63°8′W / 64.783°S 63.133°W | ||
Lengd | 26 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Neumayer Channel 64°47′26″S 63°08′21″W / 64.7906°S 63.1392°W | |||
Wikimedia Commons: Neumayer Channel |
Neumayer Channel er kjend for dei majestetiske klippene og mange turistar kjem til området. Fordi sundet har ei S-form, som snor seg mellom fjella, ser det ikkje ut som det er noko utgang i andre enden. I begge endar av sundet er innløpa skjult bak skarpe svingar.
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Neumayer Channel» (innhald frå Geographic Names Information System).