Niamh Kavanagh
Niamh Kavanagh (fødd 13. februar 1968) er ein irsk songar som vart kjend i Europa då ho vann Eurovision Song Contest i 1993 med songen «In Your Eyes», som var skriven og komponert av Jimmy Walsh.[1] Dette var den femte sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og «In Your Eyes» vart den mestseljande songen i Irland det året. Den oppnådde òg ein 24.-plass på dei britiske hitlistene.[2]
Niamh Kavanagh | |||
| |||
Fødd | 13. februar 1968 (56 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Finglas | ||
Fødenamn | Niamh Kavanagh | ||
Opphav | Irland | ||
Aktiv | 1990– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | saksofon, vokal | ||
Plateselskap | Arista Records | ||
Verka som | songar |
Tidlegare hadde Kavanagh opptredd som vokalist og korist på lydsporet til filmen The Commitments med songar som «Destination Anywhere» og «Do Right Woman, Do Right Man».
Kavanagh deltok òg på det irske talkshowet The Late Late Show sin Eurovision-spesial saman med Linda Martin og andre tidlegare irske deltakarar i tevlinga. Ho las òg opp dei irske poenga under Eurovision Song Contest 2008. I 2010 representerte Kavanagh igjen Irland i Eurovision Song Contest, denne gongen med songen «It’s for You».[1] Denne kom på 23.-plass i finalen.
Kavanagh er busett i Carrickfergus i County Antrim, saman med ektemannen Paul Megahey og to søner.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Niamh Kavanagh - It's For You (Ireland 2010)». Eurovision.tv. Arkivert frå originalen 24. mai 2015. Henta 9. mai 2015.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 297. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ O'Hara, Victoria; Poole, Amanda (29 May 2010). «Ireland expects as Niamh goes for Eurovision glory». The Belfast Telegraph (Independent News & Media). Henta 29. mai 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Niamh Kavanagh» frå Wikipedia på bokmål, den 19. november 2021.