Niels Jacob Laache

norsk prest

Niels Jakob Jensen Laache (6. november 18315. februar 1892) var ein norsk prest og biskop frå Ullensaker, forma av lekmannsrørsla og den politisk-religiøse konservatismen i norsk kyrkjeliv. Han var 1884-92 biskop i Trondhjems stift.

Niels Jacob Laache
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1831
Ullensaker
Død

5. februar 1892 (60 år)
Trondheim

Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Liv og gjerning endre

Laache voks opp på storgarden Låke der han privat las til eksamen artium i 1855, før han byrja studere teologi. I studietida vart han påverka av Gisle Johnson og rørsla hans. Etter teologisk embetseksamen 1858 gjekk Laache året etter i teneste for Christiania Indremissionsforening. Gjennom å redigere indremisjonsbladet For Fattig og Riig, eit skrift med eit opplag på 5–6 000, vart han kjend vide om.

Etter fire år som stiftskapellan i Trondhjems stift vart Laache i 1868 utnemnd til sokneprest i det nyoppretta Steinkjer prestegjeld. Her dreiv han med religiøse vekkingar i forståing med den lokale indremisjonen, samstundes deltok han i lokal politikk, sosialt arbeid og i forlikskommisjonen. Perioden 1878-83 var han så sokneprest i Eidanger. År 1883 gav han ut Husandagts-Bog, eit skrift som kom i mange opplag. Forfattarskapen syner elles han var mykje påverka av den ny-evangeliske rørsla og den svenske presten Carl Olof Rosenius.

Etter nokre månader som sokneprest i Arendal, vart Laache hausten 1883 utnemnd til biskop i Trondhjems stift grunna i hans nære band til den konservative delen av lekfolket. Som biskop vidareførte han tilhøvet til lekmannsrørsla, utan å svekke rolla til sakramenta og det geistlige embetet. Han oppfatta ein organisert indremisjon som den beste kontroll med lekmannsverksemda. I ei rekke konfliktar mellom indremisjonsfolk og grundtvigianske prestar opptredde han likevel vaklande. Med omsyn til prestetilsetjingar måtte Laache fleire gongar sjå at Sverdrup-regjeringa såg vekk frå hans råd.

Laache, som i 1885 vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, døydde i Trondheim, men vart gravlagd i Oslo.

Kjelder endre