Nicolai Scheitlie
Nikolai Scheitlie (24. juni 1753–4. april 1824) var ein norsk magasinforvaltar, eidsvollsmann og stortingsmann.
Nicolai Scheitlie | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. juni 1753 Christiania |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Ektefelle | Anna Catharina Gram |
Nicolai Scheitlie på Commons |
Scheitlie var fødd i Kristiania, der far hans ei tid var prokurator. Han var han fullmektig hos berghauptmann Hjort på Kongsberg, før han i 1780 vart kongeleg magasinforvaltar for opplagsmagasinet i Drammen. Denne stillinga hadde han fram til 1802, då han etter omlegging av forsyningane kom på vartpengar. Men han beheldt ein post som kommisjonær for Kongsberg sølvverk og for Blaafarveværket på Modum.
Scheitlie var utsending frå Drammen til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Han var der knytt til sjølvstendepartiet.[1]
I 1818 var han stortingsmann for Drammen, var då medlem av sju komitear. Mellom komiteane fann ein både om Kongsberg sølvverk, om Røros koparverk og om bergverkslova.
Heimen hans frå 1789 - Scheitliegarden i Drammen - finst framleis.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Nicolai Schejtli (1753-1824)». Eidsvoll 1814. Henta 20. november 2015.
- ↑ Jo Sellæg (2014). «Nicolai Scheitlie og Scheitliegården i Drammen». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 212-214. ISBN 978-82-02-44564-5.
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Nicolai Scheitlie NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv