Nikolaj N. Kruglov

Nikolaj Nikolajevitsj Kruglov (fødd 8. april 1981 i Nizjnij Novgorod) er ein russisk tidlegare skiskyttar. Han vart verdsmeister i mix-stafett med Russland i 2005 og 2006, og i stafett i 2007 og 2008. Kruglov er son til skiskyttaren Nikolaj K. Kruglov.

Nikolaj N. Kruglov


Fødenamn Николай Николаевич Круглов
Statsborgarskap Russland
Fødd 8. april 1981 (43 år)
Nizjnij Novgorod
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010

Utmerkingar

Venskapsordenen

Aktiv endre

Kruglov tok fleire medaljar under junior-verdsmeisterskapane i skiskyting i 2001 og 2002. Han fekk sitt internasjonal gjennombrot i 2005. Den sesongen sikra han seg sin første verdscupsiger i Pokljuka. Under VM 2005 i Hochfilzen gjekk han på det russiske stafettlaget som tok sølv, medan han under VM 2005 i Khanty-Mansijsk vart verdsmeister på Russlands lag i mix-stafett.

I 2006-sesongen kopierte han prestasjonane frå VM 2005. Under OL i Torino, han var med på laget som tok sølv på stafetten, noko seinare vart han verdsmeister i mix-stafett i Pokljuka. Både i 2007 og 2008 gjekk han Russland inn til gullmedaljar i 4 x 7,5 km stafett i verdsmeisterskap i skiskyting. Begge gongane hadde han Ivan Tsjerezov, Dmitrij Jarosjenko og Maksim Tsjudov med seg på triumfane.

Han la opp som skiskyttar i 2010.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kruglov vann tre verdscuprenn; eitt i 2005 og 2007, og kleiv på sigerspallen i til saman 14 renn i tida 2004-09. Han vart nummer åtte i verdscupen både i 2005- og 2007-sesongen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar