Nikoleta Kyriakopoulou

Nikoleta Kyriakopoulou (fødd 21. mars 1986) er ein gresk stavhoppar frå Aten. Ho vann bronsemedaljen i øvinga ved europameisterskapen 2012 og i verdsmeisterskapen 2015, i 2018 tok ho sølvmedaljen i EM.

Nikoleta Kyriakopoulou


Fødenamn Νικολέτα Κυριακοπούλου
Statsborgarskap Hellas
Fødd 21. mars 1986 (38 år)
Aten
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, VM i friidrett 2009, VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2008, VM i friidrett innendørs 2010, VM i friidrett innendørs 2014, EM i friidrett 2010, EM i friidrett 2012, EM i friidrett 2014, EM i friidrett innendørs 2011, EM i friidrett innendørs 2013, EM i friidrett innendørs 2015, Middelhavslekene 2009, Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Stavsprang damer, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Stavsprang kvinner

Aktiv

endre

I 2009 sigra Kyriakopoulou i stavhopp då mellomhavsleikane fann stad i Pescara på ny personbeste 4,50 meter. Gjennom 2011-sesongen hadde ho fin framgang og forbetra seg til 4,71 m ved eit stemne i London. Året etter tok ho bronsemedaljen ved europameisterskapen i Helsinki. Den 4. juli 2015 sette ho personleg rekord med 4,83 meter ved eit stemne i Paris, nokre veker etter klarte ho 4,80 m i Beijing-VM og vann bronsen bakom Yarisley Silva (4,90 m) og Fabiana Murer (4,85 m). Under EM 2018 i Berlin hoppa Kyriakopoulou på ny 4,80 m og syrgde for gresk dobbeltsiger ettersom landskvinna Ekateríni Stefanídi vann gull.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre