Nili i Mateh Binyamin

Nili (hebraisk skrift נִילִ"י) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda aust for Modi'in, nokre få hundre meter frå den palestinske landsbyen Deir Qaddis, 3,8 kilometer aust for Den grøne linja.[1] Det hovudsakleg sekulære, jødiske samfunnet med eit folketal på 846 (2009) vart grunnlagd i 1981. Han er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune.[2]

Nili i Mateh Binyamin
landsby
Nili i 2006
Land  Palestina
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°57′49.17″N 35°2′51.01″E / 31.9636583°N 35.0475028°E / 31.9636583; 35.0475028
Kart
Nili i Mateh Binyamin
31°57′49″N 35°02′51″E / 31.963658333333°N 35.047502777778°E / 31.963658333333; 35.047502777778
Wikimedia Commons: Nili (settlement)

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]

Busetjinga vart kalla opp etter det jødiske spionasjenettverket NILI, som assisterte Storbritannia i kampane mot Det osmanske riket i området under fyrste verdskrigen.[4]

Kjelder endre

  1. «Settlements List: Nili». www.peacenow.org.il. Henta 15. september 2015. [daud lenkje]
  2. «Settlements List». www.peacenow.org.il. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 15. september 2015. 
  3. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 15. september 2015. 
  4. Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.47, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)