Nils Brinck Bendz
Nils Brinck Bendz (fødd 14. november 1754 i Rønninge på Fyn, Danmark, død 8. august 1825 i Larvik) var ein danskfødd jurist som virka i Noreg. Han var cand. jur. i 1779, auditør same år. I 1786 var han mellom anna overbirkedomar og vrakar i Larvik. Han gifta seg med Inger Bugge frå Larvik.
Nils Brinck Bendz | |||
Fødd | 14. november 1754 Rønninge på Fyn, Danmark | ||
---|---|---|---|
Død | 8. august 1825 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg, Kongeriket Danmark | ||
Yrke | Jurist | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1815-1817 og 1821-1823 | ||
Alle verv |
|
Bendz representerte Larvik på Stortinget 1815-16 og Larvik og Sandefjord i 1821 og på det overordentlege storting i 1822. I 1815-1816 var han medlem av Lagtinget og fem komitear. Han var òg medlem av Riksretten mot Frederik Gottschalk von Haxthausen.
I 1821 var han medlem av åtte komitear, i 1822 medlem av Lagtinget. Han var medlem av Riksretten mot Thomas Fasting og Herman Wedel-Jarlsberg i 1821.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak (1914). Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 66.
- Biografisk informasjon om Nils Brinck Bendz NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv