Nils Jørgen August Mikalsson Kulstad (15. januar 186617. desember 1947) var ein norsk gardbrukar, bankmann og stortingsmann for partiet Venstre frå Vefsn i Nordland. Nils Isaksson Kulstad var farfar hans.

Nils M. Kulstad
Fødd 15. januar 1866
Død

17. desember 1947

Yrke bankier, politikar, bonde

Kulstad var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han amtsskulen, før han tok over farsgarden i 1887. Frå 1904 var han i tillegg kasserar i Vefsn Sparebank.

Kulstad var medlem av heradsstyret, ordførar 1895-96 og 1902-04. Også varaordførar og skulestyreformann. Frå 1893 til han i 1904 vart kasserar i sparebanken, var han styreleiar i same banken.

Valperiodane 1910-12 og 1913-15 representerte Kulstad Nordre Helgeland krins på Stortinget. Han var medlem av landbrukskomiteen. Etter å ha vore ute av Stortinget i tre år, vart han hausten 1918 vald for ein ny periode frå einmannskrinsen Nordre Helgeland og i 1921 attvald frå den nye fylkeskrinsen Nordland. Alle desse seks åra 1919-24 sat han Skog- og vassdragskomiteen.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Stortingsbiografi