Nils Steen

Norsk sjømann, arbeidar og politikar

Nils Andreas Steen (fødd 26. september 1887) var ein norsk sjømann, fabrikkarbeidar og politikar frå Oslo som representerte Buskerud og ArbeidarpartietStortinget i tida frå 1925 til 1945.

Nils Steen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1887
Nedre Eiker kommune
Død

13. juli 1964 (76 år)

Steen var son til ein fyrmeister. Han reiste til sjøs i 1902, før han åra 1903-06 reiste rundt i Nord-Amerika. Her arbeidde han vekselvis ved anlegg, på farmar og som tømmerhoggar. Sidan tok han sjøen fatt att. Etter å ha teke eksamen ved navigasjonsskulen i Drammen i 1914, var han fyrstestyrmann i tre år. Under nøytralitetsvernet under første verdskrigen gjorde han 1915-16 teneste som underoffiser. I 1917 var han ombord i «Majorka» av Drammen, då båten vart torpedert. Så var han ei tid volontør på kontoret til Den Norske Galosje- og Cirummivarefabrik i Mjøndalen, deretter til 1924 massekokar på Krogstad Cellulosefabrik, også den i Mjøndalen.

Steen var medlem av heradsstyret i Nedre Eiker 1919-25 og 1928-37. Han var også medlem i skulestyret og i likningsrådet. Ei tid var han styreformann for den lokale kinematografen. Dessutan var han medlem i arbeidsnemnda for Småbruk- og Boligbanken.

Steen kom med i landsstyret i Arbeidarpartiet hausten 1923, då Norges Kommunistiske Parti braut ut or DNA. Han vart verande landsstyremedlem i fire år. Frå 1925 var han stortingsrepresentant til 1945, vald frå landkrinsen Buskerud. Den fyrste treårsbolken var han medlem i Post- og telegrafkomiteen. Frå 1928 hadde han plass i Sosialkomiteen, frå 1937 som formann i komiteen. Omframt stortingsvervet var han formann i det offentlege Utvalet om arbeidstida på skip m. m. Av 1937, og medlem i Arbeidsfredskommisjonen av 1933.

Frå 1938 var Steen styrar av Noregs Bank si avdeling i Drammen. I 1945 vart han leiar av Statens Flyktnings- og Fangedirektorat sitt distriktskontor for Buskerud.

Kjelder endre