Nils Tambs

Norsk jurist og politikar

Nils Fredrik Severin Tambs (27. juni 181428. juli 1885) var ein norsk jurist og embetsmann frå Skjeberg, stortingsmann 1859-60.

Nils Tambs
Fødd27. juni 1814
Død28. juli 1885 (71 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Tambs var son til ein offiser i det militære. Sjølv vart han student frå Fredrikshalds skule i 1831. Mange år seinare tok han i 1845 cand.jur.-graden ved universitetet i hovudstaden. Han arbeidde så som kopist i fire år, til dess han byrja arbeide som sakførar i Stavanger i 1849. I 1861 fekk han stillinga som sorenskrivar i Søre Sunnmøre, busett i Volda. Han flytta i 1879 over til same stillinga i Hardanger og Voss, døydde på Vossevangen seks år seinare.

Tambs representerte Stavanger by på stortinget 1859-60, der han var medlem i Protokollkomiteen. Også då han budde på Sunnmøre var han mellom dei fremste kandidatane på to valting, men enda på 3. varamannsplass.

KjelderEndra