Ninive guvernement

(Omdirigert frå Ninawa guvernement)

Ninive guvernement (arabisk نینوى, også translitterert Ninawa) er eit guvernement nord i Irak kring den assyriske oldtidsbyen Ninive. Det var ein viktig del av Assyria frå 2400-talet fvt. til 600-talet evt. Det har eit areal på 37 323 km² og kring 2,5 millionar innbyggjarar. Den største byen og provinshovudstaden er Mosul, som ligg på andre sida av Tigris frå ruinane av oldtidsbyen Ninive. Tal Afar er den nest største byen. Før 1976 vart det kalla Mosul guvernement og omfatta dagens Dohuk guvernement.

Ninive guvernement
guvernement
Land  Irak
Koordinatar 36°0′N 42°28′E / 36.000°N 42.467°E / 36.000; 42.467
Hovudstad Mosul
Areal 37 323 km²
Folketal 3 270 422  (2011)[1]
Folketettleik 88 / km²
Guvernør Nofal Hammadi
Kart
Nineveh guvernement
36°00′00″N 42°28′00″E / 36°N 42.466666666667°E / 36; 42.466666666667
Wikimedia Commons: Nineveh Governorate

Området er etnisk, religiøst og kulturelt mangfaldig og har vore utsett for åtak frå terroristorganisasjonen Den islamske staten, som erobra Mosul 10. juni 2014, og øydela mange religiøse stader og historiske ruinar og monument.[2] Ein massiv offensiv for å ta attende byen vart sett i gang i oktober 2016.[3][4]

Geografi endre

Guvernementet grensa til Dohuk guvernement i nord, Erbil guvernement i aust, Saladin guvernement i søraust og Al Anbar guvernement i sør. I vest grensa det til Syria, hovudsakleg Al-Hasakah guvernement, i tillegg til Deir ez-Zor guvernement i sør.

Administrative distrikt endre

Ninive guvernement består av 30 distrikt:

Distrikt Arabisk Areal (km²) Innbyggjartal i 2003
Sinjar سنجار 2 928 166 466
Al-Ba'aj البعاج 9 172 88 401
Al-Hadar (Hatra) الحضر 9 38 37 655
Al-Mosul الموصل 4 471 1 432 230
Tel Afar تلعفر 4 453 300 878
Tel Kaif تلكيف 1 244 167 647
Al-Hamdaniya الحمدانية 1 155 125 665
Al-Shikhan الشيخان 1 333 58 132
Total 37 323 2 453 116

Makhmur-distriktet, Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet var tidlegare ein del av Ninive guvernement og har vore styrt av styresmaktene i Irakisk Kurdistan, sidan Mosul ikkje hadde kontroll over desse distrikta. I dag er Makhmur-distriktet ein del av Erbil guvernement. Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet er ein del av Dohuk guvernement.

Kjelder endre

  1. Citypopulation.de
  2. al-Lami, Mina (21 July 2014). «Iraq: the minorities of Nineveh Plain». BBC World News. Arkivert frå originalen den 24 July 2014. 
  3. «العبادي يطلق على عمليات تحرير نينوى تسمية "قادمون يا نينوى" أمن». Al Sumaria. 17 October 2016. Henta 21 October 2016. 
  4. Winter, Charlie (20. oktober 2016). «How ISIS Is Spinning the Mosul Battle». The Atlantic. Henta 23. september 2017.