Nine Lives av Aerosmith

Nine Lives
Studioalbum av Aerosmith
Språk engelsk
Utgjeve 18. mars 1997[1]
Innspelt September–november 1996
Studio
    • Avatar, New York City
    • The Boneyard
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 62:54
Selskap Columbia
Produsent Kevin Shirley, Aerosmith
Aerosmith-kronologi 
Get a Grip
(1993)
Nine Lives Just Push Play
(2001)


Singlar frå Nine Lives
  1. «Falling in Love (Is Hard on the Knees)»
    Utgjeve: 11. februar 1997
  2. «Hole in My Soul»
    Utgjeve: 5. august 1997
  3. «Pink»
    Utgjeve: 18. november 1997
  4. «Full Circle»
    Utgjeve: 9. desember 1997
  5. «Taste of India»
    Utgjeve: 29. januar 1998

Nine Lives er det tolvte studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Aerosmith, gitt ut 18. mars 1997. Albumet vart produsert av Aerosmith og Kevin Shirley, og var det første studioalbumet dei gav ut på Columbia Records sidan Rock in a Hard Place i 1982. I USA nådde han førsteplassen på Billboard 200 og selde over to millionar eksemplar. Ein av singlane til albumet, «Pink», vann ein Grammypris for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal. Inntil Music from Another Dimension! var Nine Lives deira lengste album, på 63 minutt.

Produksjon endre

Tidlige innspelingar fann stad i Criteria Studios i Miami i Florida, der bandet jobba med produsent Glen Ballard. Der skreiv Steven Tyler og Ballard saman tekstane til «Falling in Love (Is Hard on the Knees)», «Tasta of India» og «Pink».[2] Andre samarbeidspartnarar, inkludert Desmond Child og Taylor Rhodes, vart med Tyler og gitaristen Joe Perry for å skriva songar. Child har tidlegare samarbeidd med Aerosmith på hittar som «Angel», «Crazy» og «Dude (Looks Like a Lady)».

Berre ei veke før prøvene leid trommeslagaren Joey Kramer av depresjon, etter å ha sørgt over tapet av faren nokre år tidlegare.[3] Med Kramer utilgjengeleg byrja det å gå rykte om at bandet ville bli oppløyst. Steve Ferrone vart henta inn for å spela trommer inntil Kramer kunne komma tilbake.[2] «Eg kom tilbake med eit fint perspektiv på kva eg bringar til bordet i Aerosmith,» reflekterte Kramer. «Det var sunt for meg. Me enda opp med å spela inn på nytt fordi folk lytta til spora og sa nokre negative ting om det og sa at bandet ikkje høyrdest ut på same måte.»[4]

Albumet skulle opphavleg sleppast sommaren 1996, men vart forseinka fordi Columbia Records var misnøgd med dei ni sporane som Aerosmith og Ballard hadde produsert.[5] Ytterlegare problem oppstod i juli same år, då bandet bad manageren sin Tim Collins om å trekkja seg etter nesten tolv års samarbeid.[6] I sjølvbiografien Rocks: My Life In and Out of Aerosmith, fortalde Perry at Aerosmith kjende seg forrådd av Collins, ettersom han ville setja medlemmene opp mot kvarandre.[1] Med den mangeårige manageren sin borte bestemde banda seg for å tilsetja ein eigen produsent, Kevin Shirley, og etablerte seg i Avatar Studios i New York City. Shirley, som òg hadde jobba med Journey, hjelpte til med overtonane og instrumenta til albumet, spesielt gitarlyden. I ein MTV-spesial frå 1997 som promoterte innspelinga av Nine Lives, uttalte Tyler: «Han fekk det putta ein stad inn mellom Toys in the Attic og Rocks[7]

Dei nye øktene byrja i september 1996 og heldt fram til november. Etter skiftet i produksjonen kom Kramer seg frå depresjonen, og vende tilbake til studioet.[2] I staden for å spela sine spor over Ferrone sine, spelte bandet inn på nytt frå botnen av på alle dei ferdige spora med Kramer.[3]. John Kalodner, A&R-mann i Columbia, vart henta tilbake for å overvaka prosjektet, etter at han hadde vorte pressa av produksjonen i Florida av Collins. Han hjelpte til med å trimma dei tjuefire songane som hadde vorte skrivne til tretten.[2] Opphavleg kalla bandet albumet «Vindaloo»,[5] etter å ha lagt til element av indisk musikk gjennom nokre av songane, inkludert ein sarangi-intro av Ramesh Mishra på songen «Taste of India». Men etter å ha fullført spora «Nine Lives», kjende bandet at det ville vera den perfekte tittelen, og fungerte som ein metafor for den urolege unnfanginga til albumet.

Plateomslag endre

Heftet til Nine Lives inneheld 12 albumbilete (inkludert coveret). Kvart bilete inneheld ein mindre versjon av det førre biletet i seg sjølv. Det siste biletet er inkludert i det første, noko som skaper ein uendeleg loop. Det vart designa av Stefan Sagmeister.

Det opphavlege omslagsbiletet, inspirert av eit måleri i ei bok av A.C. Bhaktivedanta Swami Prabhupada, viser guden Krishna (med eit kattehovud og kvinnelege bryst) som dansar på hovudet til slangedemonen Kāliyā. Hindusamfunnet protesterte og meinte at kunstverket var støytande. Bandet hadde ikkje vore klar over kjelda til kunstverket, og plateselskapet bad om unnskyldning, noko som førte til at dei neste trykka fjerna kunsten frå omslaget og hefta.[8][9] Det nye coveret viser ein katt bunden til eit knivkastar-hjul på eit sirkus.[10]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [11]
Entertainment WeeklyB−[12]
Robert Christgau [13]
Rolling Stone     [14]

I si AllMusic-melding samanlikna Stephen Thomas Erlewine Nine Lives med tidlegare Aerosmith-album og sa: «Nine Lives, derimot, er overarbeidd, med Aerosmith som gjer ein medviten innsats for å høyrast hippe og levande ut, noko som ironisk nok berre får dei til å høyrast slitne ut». Han kritiserte òg den urolege produksjonen på albumet og sa: «Ikkje berre er framsyningane overflatiske, men songane er ikkje fengjande - same kor hardt det prøver, 'Falling in Love (Is Hard on the Knees)' har ingen knaggar, og det er ikkje eit unntak».[11] Elysa Gardner frå Rolling Stone var meir positiv i meldinga si frå 1997 og konkluderte: «For dei som rett og slett ikkje kan utstå ei samling Aerosmith-låtar utan sin del av powerballader, skuffar ikkje Nine Lives».[14]

Utgivingar endre

Nokre utgivingar av Nine Lives har ulike sporlister, spesielt dei to japanske utgåvene som begge inneheld songen «Fall Together». Songen vart inkludert som ei B-side på den første singelen til albumet «Falling in Love (Is Hard on the Knees)». Låten «What Kind of Love Are You On» hadde opphavleg tittelen «What Kind of Lover You Want», og var ein av mange unytta opptak som vart igjen frå innspelinga i Florida. Songen vart omdøypt til «What Kind of Love Are You On» og er med i filmen Armageddon, og dessutan det tilhøyrande filmmusikkalbumet.[15] Låten vart seinare med på den europeiske nyutgivinga av den tredje singelen til albumet «Pink». Uferdige spor som vart forkasta under innspelinga i Florida inkluderer «Bacon Biscuit Blues», «Bridges Are Burning», «Heart of Passion», «Loretta» og «Trouble». Tyler nemnde òg ein song kalla «Where the Sun Never Shines» under eit MTV-intervju kort tid etter utgivinga av albumet.[16]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Nine Lives»Steven Tyler, Joe Perry, Marti Frederiksen4:01
2.«Falling in Love (Is Hard on the Knees)»Tyler, Perry, Glen Ballard3:26
3.«Hole in My Soul»Tyler, Perry, Desmond Child6:10
4.«Taste of India»Tyler, Perry, Ballard5:53
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Full Circle»Tyler, Taylor Rhodes5:01
6.«Something's Gotta Give»Tyler, Perry, Frederiksen3:37
7.«Ain't That a Bitch»Tyler, Perry, Child5:25
8.«The Farm»Tyler, Perry, Mark Hudson, Steve Dudas4:27
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Crash»Tyler, Perry, Hudson, Dominic Miller4:26
10.«Kiss Your Past Good-Bye»Tyler, Hudson4:32
11.«Pink»Tyler, Richard Supa, Ballard3:55
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Attitude Adjustment»Tyler, Perry, Frederiksen3:45
13.«Fallen Angels»Tyler, Perry, Supa8:16
Total lengd:1:02:54
Internasjonale bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Falling Off»Tyler, Perry, Frederiksen3:02
13.«Attitude Adjustment»Tyler, Perry, Frederiksen3:45
14.«Fallen Angels»Tyler, Perry, Supa8:18
Japanske bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
14.«Falling Off»Tyler, Perry, Frederiksen3:02
15.«Fall Together»Tyler, Hudson, Greg Wells, Dean Grakal4:38
Alternative japanske bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Falling Off»Tyler, Perry, Frederiksen3:02
13.«Fall Together»Tyler, Hudson, Greg Wells, Dean Grakal4:38
14.«Attitude Adjustment»Tyler, Perry, Frederiksen3:45
15.«Fallen Angels»Tyler, Perry, Supa8:18
Bonusspor på søramerikansk versjon og europeisk nyutjeving
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Falling Off»Tyler, Perry, Frederiksen3:02
13.«Attitude Adjustment»Tyler, Perry, Frederiksen3:45
14.«Fallen Angels»Tyler, Perry, Supa8:18
15.«I Don't Want to Miss a Thing»Diane Warren4:56
Total lengd:1:10:49

Medverkande endre

Aerosmith

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsentar – Kevin Shirley and Aerosmith
  • Lydteknikarar – Mark Hudson, Joe Perry, Rory Romano, Elliot Scheiner, Kevin Shirley, Steven Tyler
  • Andre lydteknikar – Rory Romano
  • Miksing – Elliot Scheiner, Kevin Shirley
  • Mastering – Leon Zervos
  • Programmering – Sander Selover
  • Blåsararrangement – David Campbell, Steven Tyler
  • Strykararrangement – David Campbell
  • Gitarteknikar – Jim Survis
  • Ekstra gitarteknikarar – Lisa Sharken, Archie Avila
  • Trommeteknikar – Andy Gilman
  • Lydteknikar – David Frangioni
  • Kunstnarisk leiar – Christopher Austopchuk, Gail Marowitz
  • Fotografisk leiar – Christopher Austopchuk, Gail Marowitz
  • Fotografi – F. Scott Schafer
  • Kalligrafi – Jeanne Greco
  • Stylist – Fiona Williams-Chappel

Henta frå plateomslaget.[17]

Salslister endre

Weekly Charts endre

Vekesliste for Nine Lives
Liste (1997–98) Plassering
Australske album (ARIA)[18] 13
Austerrikske album (Ö3 Austria)[19] 2
Belgiske album (Ultratop Flandern)[20] 11
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[21] 5
Kanadiske album (Billboard)[22] 2
Den danske albumlista (Hitlisten)[23] 4
Nederlandske album (MegaCharts)[24] 17
Finske album (Suomen virallinen lista)[25] 1
Franske album (SNEP)[26] 5
Tyske album (Offizielle Top 100)[27] 3
Ungarske album (MAHASZ)[28] 7
Italian Albums (FIMI)[29] 7
Den japanske albumlista (Oricon)[30] 3
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[31] 14
Norske album (VG-lista)[32] 6
Spanish Albums (AFYVE)[33] 5
Svenske album (Sverigetopplistan)[34] 3
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[35] 3
UK Albums (OCC)[36] 4
US Billboard 200[37] 1

Årslister endre

1997 year-end chart performance for Nine Lives
Liste (1997) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[38] 37
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[39] 79
Tyske album (Offizielle Top 100)[40] 43
Sveitisiske album (Schweizer Hitparade)[41] 50
US Billboard 200[42] 53
Årsliste for 1998 for Nine Lives
Liste (1998) Plassering
Kanadiske album (RPM)[43] 98
US Billboard 200[44] 129

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[45] Platina 60 000x
Austerrike (IFPI Austerrike)[46] Gull 25 000x
Brasil (ABPD)[47] Platina 250 000*
Canada (Music Canada)[48] 3× Platina 300 000^
Czech Republic[49] Gull 15,000[49]
Finland (Musiikkituottajat)[50] Gull 27,903
Tyskland (BVMI)[51] Gull 250 000^
Japan (RIAJ)[52] 3× Platina 600 000^
Polen(ZPAV)[53] Gull 50 000*
Spania(PROMUSICAE)[54] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[55] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[56] Gull 100 000^
USA (RIAA)[57] 2× Platina 2 000 000^
Uruguay (CUD)[58] Gull 3 000x
Oppsummering
Europa (IFPI)[59] Platina 1 000 000*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Prisar endre

Grammyprisar

År Vinnar Kategori
1998 «Pink» Grammyprisen for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Perry, Joe; Ritz, David (2014). Rocks: My Life In and Out of Aerosmith. Simon & Schuster. ISBN 978-1471138621.  |pages=391
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Newman, Melinda. «Aerosmith to Get Global Record Push From Columbia». Billboard, 15. februar 1997. Henta 16. mai 2023
  3. 3,0 3,1 Joey Kramer; Patrick, William (2009). Hit Hard: A Story Of Hitting Rock Bottom At The Top. HarperOne. ISBN 978-0061887949.  Henta 16. mai 2023
  4. Chamberlain, Rich (mai 2017). «Historiene bak sangene: Aerosmith - I don't want to miss a thing». Classic Rock (235 utg.): 26. 
  5. 5,0 5,1 «Record Heaven - Aerosmith - Nine Lives». Henta 16. mai 2023
  6. «Aerosmith sacks manager who revived band's fame, sobriety». The Baltimore Sun. 2. august 1996. Henta 16. mai 2023. 
  7. MTV - Making Nine Lives. Henta 16. mai 2023
  8. AEROSMITH CHANGES COVER ART TO APPEASE PROTESTARS
  9. Forfattar ukjent. «Aerosmith Chooses New Album Art». Rolling Stone. 22. april 1997.
  10. Shock and Awe: Top 10 Controversial Album Covers
  11. 11,0 11,1 Erlewine, Stephen Thomas. Nine Lives av AerosmithAllmusic
  12. Browne, David (14. mars 1997). «Nine Lives». Entertainment Weekly. Henta 16. mai 2023. 
  13. Christgau, Robert. «Nine Lives». Robert Christgau. 
  14. 14,0 14,1 Gardner, Elysa (21. februar 1997). «Nine Lives | Album Reviews». Rolling Stone. Henta 16. mai 2023. 
  15. Lifton, Dave (5. september 2015). «20 år siden: Aerosmith Finally Score Their First No. 1 Single». Ultimate Classic Rock. Henta 13. september 2018. 
  16. MTV - Prima-intervju 1997. Henta 19. august 2016
  17. Nine Lives (liner notes). Aerosmith. Columbia. 1997. CK 67994. 
  18. "Aerosmith – Nine Lives". Australiancharts.com. Hung Medien.
  19. "Aerosmith - Nine Lives" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  20. "Aerosmith – Nine Lives" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien.
  21. "Aerosmith – Nine Lives" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien.
  22. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  23. «Top National Sellers: Danmark» (PDF). Music & Media. 5. april 1997. s. 19. 
  24. "Aerosmith – Nine Lives". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  25. "Aerosmith: Nine Lives" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
  26. "Aerosmith – Nine Lives". Lescharts.com. Hung Medien.
  27. "Offiziellecharts.de – Aerosmith – Nine Lives" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  28. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  29. «History» (på italiensk). FIMI. Henta 14. mai 2023.  With «Ricerca per» set på «Titolo», search «Nine Lives» and then click «Classifiche».
  30. «エアロスミスのCDアルバムランキング、エアロスミスのプロフィールならオリコン芸能人事典-ORICON STYLE» (på japansk). Oricon.co.jp. Henta 2. mai 2013. 
  31. "Aerosmith – Nine Lives". Charts.org.nz. Hung Medien.
  32. "Aerosmith – Nine Lives". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  33. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  34. "Aerosmith – Nine Lives". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  35. "Aerosmith – Nine Lives". Swisscharts.com. Hung Medien.
  36. «Artist Chart History: Aerosmith». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 27. juni 2012. Henta 16. mai 2023. 
  37. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard 200 for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  38. «Jahreshitparade Alben 1997». austriancharts.at (på tysk). Henta 21. september 2015. 
  39. «Rapports Annuels 1997 – Albums» (på fransk). Ultratop. Henta 21. september 2015. 
  40. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 8. september 2016. 
  41. «Swiss Year-End Charts 1997». swisscharts.com. Henta 21. september 2015. 
  42. «Billboard 200 Albums – Year-End 1997». Billboard. Henta 19. desember 2020. 
  43. «RPM's Top 100 CDs of '98». RPM. 14. desember 1998. Arkivert frå originalen 2. februar 2014. Henta 6. desember 2010. 
  44. «Billboard 200 Albums – Year-End 1998». Billboard. Henta 19. desember 2020. 
  45. «Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 26. mars 2020. 
  46. «Austrian album salstrofé – Aerosmith – Nine Lives» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Aerosmith in the field Interpret. Enter Nine Lives in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  47. «Brazilian album salstrofé – Aerosmith – Nine Lives» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. 
  48. «Canadian album salstrofé – Aerosmith – Nine Lives». Music Canada. 
  49. 49,0 49,1 «Presented to John Kalonder, Gold Record for 15.000 units, Czech Republic». Henta 11. mai 2023. 
  50. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  51. «Gold-/Platin-Datenbank (Aerosmith; 'Nine Lives')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  52. «Japanese album salstrofé – エアロスミス – ナイン・ライヴズ» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  53. «Polish album salstrofé – Aerosmith – Nine Lives» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 
  54. Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados > 1995–1999. Iberautor Promociones Culturales. 2005. ISBN 84-8048-639-2. Henta 28. mars 2020. 
  55. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Aerosmith; 'Nine Lives')». Hung Medien. 
  56. «British album salstrofé – Aerosmith – Nine Lives». British Phonographic Industry.  Enter Nine Lives in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  57. «American album salstrofé – Aerosmith – Nine Lives». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  58. «Priemos – 1999» (på spansk). Cámara Uruguaya del Disco. 
  59. «IFPI Platinum Europe Awards – 1999». International Federation of the Phonographic Industry.