Ninive guvernement
Ninive guvernement (også skrive Ninawa, arabisk محافظة نینوى, romanisert Muḥāfażat Naynawā) er eit guvernement nord i Irak kring den assyriske oldtidsbyen Ninive. Det var ein viktig del av Assyria frå 2400-talet fvt. til 600-talet evt. Det har eit areal på 37 323 km² og kring 2,5 millionar innbyggjarar. Den største byen og provinshovudstaden er Mosul, som ligg på andre sida av Tigris frå ruinane av oldtidsbyen Ninive. Tal Afar er den nest største byen. Før 1976 vart det kalla Mosul guvernement og omfatta dagens Dohuk guvernement.
Ninive • Ninawa | |||
نینوى | |||
guvernement | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 36°0′N 42°28′E / 36.000°N 42.467°E | ||
Hovudstad | Mosul | ||
Areal | 36 700 km² | ||
Folketal | 3 106 948 (2009)[1] | ||
Nineveh guvernement 36°00′00″N 42°28′00″E / 36°N 42.466666666667°E | |||
Kart som viser Ninive guvernement.
| |||
Wikimedia Commons: Nineveh Governorate |
Området er etnisk, religiøst og kulturelt mangfaldig og har vore utsett for åtak frå terroristorganisasjonen Den islamske staten, som erobra Mosul 10. juni 2014, og øydela mange religiøse stader og historiske ruinar og monument.[2] Ein massiv offensiv for å ta attende byen vart sett i gang i oktober 2016.[3][4]
Geografi
endreGuvernementet grensa til Dohuk guvernement i nord, Erbil guvernement i aust, Saladin guvernement i søraust og Al Anbar guvernement i sør. I vest grensa det til Syria, hovudsakleg Al-Hasakah guvernement, i tillegg til Deir ez-Zor guvernement i sør.
Administrative distrikt
endreNinive guvernement består av 30 distrikt:
Distrikt | Arabisk | Areal (km²) | Innbyggjartal i 2003 |
---|---|---|---|
Sinjar | سنجار | 2 928 | 166 466 |
Al-Ba'aj | البعاج | 9 172 | 88 401 |
Al-Hadar (Hatra) | الحضر | 9 38 | 37 655 |
Al-Mosul | الموصل | 4 471 | 1 432 230 |
Tel Afar | تلعفر | 4 453 | 300 878 |
Tel Kaif | تلكيف | 1 244 | 167 647 |
Al-Hamdaniya | الحمدانية | 1 155 | 125 665 |
Al-Shikhan | الشيخان | 1 333 | 58 132 |
Total | 37 323 | 2 453 116 |
Makhmur-distriktet, Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet var tidlegare ein del av Ninive guvernement og har vore styrt av styresmaktene i Irakisk Kurdistan, sidan Mosul ikkje hadde kontroll over desse distrikta. I dag er Makhmur-distriktet ein del av Erbil guvernement. Aqrah-distriktet og den nordlege delen av Al-Shikhan-distriktet er ein del av Dohuk guvernement.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nineveh Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.citypopulation.de/Iraq-Cities.html.
- ↑ al-Lami, Mina (21 July 2014). «Iraq: the minorities of Nineveh Plain». BBC World News. Arkivert frå originalen den 24 July 2014.
- ↑ «العبادي يطلق على عمليات تحرير نينوى تسمية "قادمون يا نينوى" أمن». Al Sumaria. 17 October 2016. Henta 21 October 2016.
- ↑ Winter, Charlie (20. oktober 2016). «How ISIS Is Spinning the Mosul Battle». The Atlantic. Henta 23. september 2017.