Nive Nielsen
Nive Nielsen (fødd 1979) er ein grønlandsk songar, låtskrivar og skodespelar.
Nive Nielsen | |||
| |||
Fødd | 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nuuk, Grønland, Kongeriket Danmark | ||
Opphav | Kongeriket Danmark | ||
Aktiv | 2002– | ||
Verka som | musikar, skodespelar, songar-låtskrivar, filmskodespelar, komponist |
Nielsen studerte statskunnskap i Canada.[1] Ho har spelt med bandet The Deer Children.[2]
Ho hadde ein debutopptreden for dronning Margrethe II som blei send på fjernsyn.[3]
Nielsen har vunne ein Vox Pop Independent Music Award i 2009, i 2012 vann ho Kronprinsparrets Stjernedryspris.[4] Ho blei nominert til Nordisk Råds Musikkpris i 2011.[5]
Som skodespelar har ho spelt ei inuittkvinne i filmen The New World frå 2005, der også Colin Farrell. Ho hadde ei hovudrolle i fjernsynsserien The Terror på AMC frå 2018. I denne serien spelte ho ein sjaman som mannskapet på Franklin-ekspedisjonen kalla «Lady Silence».
Album
endre- 2009 - Nive Sings! (Tuttu Recordings)
- 2015 - Feet First
Filmografi
endreFilm
endre- 2005 - The New World med Colin Farrell
- 2019 – Togo
Fjernsyn
endreKjelder
endre- ↑ «Stort tema på festival: Musik fra oprindelige folkeslag.», Mynewsdesk (på dansk), henta 30. november 2022
- ↑ Terry Macalister (13. september 2010). «The Arctic oil rush». The Guardian. Henta 12. mai 2018.
- ↑ About, nivenielsen.com
- ↑ «Kronprinsparrets Priser 2012». bikubenfonden.dk. 2012. Arkivert frå originalen 14. mai 2018. Henta 13. mai 2018.
- ↑ «Nive Nielsen på vej til ny anerkendelse», Sermitsiaq.AG (på dansk), henta 30. november 2022
- ↑ «Grønlandsk sanger-skuespiller får stor rolle i Ridley Scotts nye serie over for britiske stornavne» (på dansk). Henta 21. september 2017.
- ↑ «Colin Farrell and Jack O’Connell Anchor ‘The North Water,’ a Gripping Story of Villainy at Sea: TV Review» (på engelsk). Henta 5 August 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Nive Nielsen» frå Wikipedia på dansk, og «Nive Nielsen» frå Wikipedia på engelsk den 30. november 2022.