Njeld Kolbenstvedt

norsk politikar

Njeld Larsson Kolbenstvedt (28. september 18283. desember 1900) var ein gardbrukar og politikar frå Suldal i Rogaland. Lars Olsson Kolbeinstveit var far hans.

Njeld Kolbenstvedt

Fødd28. september 1828
Suldal kommune
Død3. desember 1900 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Moderate Venstre
Yrkepolitikar
FarLars Olsson Kolbeinstveit
Alle verv

Kolbenstvedt voks opp på garden Våge i Suldal. I 1851 tok han eksamen ved Østraad landbruksskule, tok i 1855 tok over slektsgarden Kolbeinstveit. Frå 1862 var han utskiftingsformann og. I 1879 vart han tilsett som lensmann i Sand, flytta dit året etter.

Kolbenstvedt var ordførar i Suldal i periodane 1856-59, 1862-63, 1866-69 og 1876-80. 1859-79 var han med i forlikskommisjonen, og han var styremedlem i den lokale sparebanken. Medlem av heradsstyret i Sand og i sparebankstyret der, etter han flytta dit.

Kolbenstvedt vart vald inn på Stortinget 1865-66 for Stavanger amt. Deretter hadde han stortingsplass heilt fram til 1891. Mellom 1883 og 1888 representerte han Venstre på Stortinget. I den siste perioden, 1889-91, representerte han Det Moderate Venstre. Han var medlem av vegkomiteen 1865-66, sekretær i justiskomite nr 1 frå 1869 til 1874, sekretær i justiskomiteen 1875-76, sekretær i skattekomiteen 1875-79 og 1882, samt sekretær i vegkomiteen 1880-91.

Kolbenstvedt var medlem av Lagtinget frå 1877 til 1891 og var såleis meddommar i riksrettsaka der Selmer-regjeringa vart dømd, ei sak som opna for innføringa av parlamentarismen i norsk statsskikk. Han var medlem av ein kongeleg kommisjon om utskiftingslova 1874. Året før, 1873, var han med i deputasjonen Stortinget sende til kryninga av kong Oscar II i Stockholm.

Kolbenstvedt døydde på Sand i 1900.

Kjelder endre

  • Drange, Ernst Berge:Kolbenstvedt (Kolbeinstveit) -ei framståande slekt frå Suldal. I: Folk i Ryfylke 2005
  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff endre