Noa-ord

(Omdirigert frå Noaord)

Noa-ord eller noanamn er erstatningsord for ord som er tabu eller farlege i følgje religion eller folketru. Slike namn eller nemningar er ulike eufemistiske omskrivingar av dei korrekte namna for guddommar, menneske, dyr, gjenstandar eller anna som har vorte tabu. Ideen var at ein måtte vakte seg for å såre eller påkalle vedkomande ved å nemne den eller det med det rette namnet.

Omgrepet noa stammar frå eit polynesisk (melanesisk) ord som tyder «vanleg». I motsetnad til ordet «tabu» eller «tapu», som er ei nemning på gjenstandar, personar, stader eller handlingar som er heilage, forbodne eller farlege, er «noa» det vanlege og profane som ein kan bruke utan spesielle reglar eller å vere spesielt forsiktig. Fenomenet er kjent frå heile verda.

Døme endre

Dei mest utbreidde noa-orda er knytte til dyr og natur og skriv seg frå jeger- og jaktkulturen. Dersom ein til dømes nemnde ormen, ulven eller bjørnen ville han straks dukke opp. Derimot kunne ein nemne dei same dyra med noanamna sine slik at dei ikkje forstod at dei vart omtala:

  • Orm = Jo Kingmann, krok, bøy
  • Ulv = Gråbein, varg
  • Bjørn = Bamse, Brakar

Eigentleg er også «bjørn» eit noanamn avleidd frå fargen «brun». Det opphavlege urnordiske namnet for bjørnen var derimot så farleg at det heilt gjekk av bruk og ikkje er kjent. Det same gjeld ordet «slange» som ein meiner berre tyder «han som kryp». I nord-europeisk folketru var det fleire stader særleg redsle for å uttale det rette namnet på ulven mellom jul og trettande dag jul (jamfør det tyske «Wenn man den Wolf nennt, kommt er gerennt»).

Innanfor fiskarkulturen var det også forbod mot å nemne visse dyreartar, gjenstandar og namnet på presten når ein var ute på sjøen. Ein religions-psykologisk forklaringsmodell går ut på at ein i den farefulle situasjon som ofte herska på havet ikkje skulle påkalle elementa, maktene, eller farlege sjødyr som trollkval og sjøorm. Difor vart også vêret omtala respektfullt og vinden gjerne omtala som «den» eller «han».

Marxisten Svale Solheim lanserte ei materialistisk-deterministisk forklaring på fenomenet nemningsfordomar ved fiske. Han hevda at fiskarane ikkje på nokon måte kunne risikere å vere forstyrra av anna tankeverksemd under arbeidet. Utbyttet av fisket var avhengig av innsatsen til alle om bord, og arbeidet i fiskerinæringa var så hardt og slitsamt med dei enkle reiskapane dei hadde at all merksemd måtte rettast mot sjølve arbeidsprosessen. Denne forklaringa har ikkje vunne noka større tilslutning i folkloristikken.

Andre døme er Gamle-Erik i staden for Djevelen. I barnebøkene om Harry Potter vert den onde Voldemort også gjerne omtala med «Han-De-Vet» eller «Han-hvis-navn-må-være-unevnt».

Sjå også endre

Litteratur endre

  • Ronald Grambo: Norske trollformler og magiske ritualer. Universitetsforlaget. Oslo 1979, s. 19-20. ISBN 82-00-01954-3.
  • Svale Solheim: Nemningsfordomar ved fiske. Oslo 1939.

Kjelde endre

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Noanavn» på Wikipedia på bokmål og riksmål, den 16. januar 2008.