Nofei Prat (hebraisk skrift נוֹפֵי פְּרָת, tyder Prat-scenene) er ei kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær Ma'ale Adumim og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. I 2006 var der kring 90 familiar som budde i busetjinga. I 2009 var det kring 140 familiar der.

Nofei Prat
landsby
Land  Vestbreidda
Region Judeaørkenen
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Koordinatar 31°49′26.4″N 35°19′12.35″E / 31.824000°N 35.3200972°E / 31.824000; 35.3200972
Grunnlagd 1992
 - Grunnlagd av innbyggjarar frå Jerusalem
Kart
Nofei Prat
31°49′26″N 35°19′12″E / 31.824°N 35.320097222222°E / 31.824; 35.320097222222
Wikimedia Commons: Nofei Prat

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Landsbyen vart grunnlagd på delar av landområdet til Kfar Adumim i 1992 av ei gruppe nybyggjarar frå Jerusalem. Han vart kalla opp etter den nærliggande Prat-elva.

Nofei Prat frå Almon.

Kjelder endre

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.