Noman Mubashir

norsk journalist

Noman Mubashir (fødd 13. juni 1974) er ein norsk-pakistansk forfattar, journalist og skodespelar som har utforska innvandraropplevinga og arbeidd for å fremja forståing av muslimar i Noreg.

Noman Mubashir
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1974 (50 år)
Lørenskog
Yrke journalist, skribent

Mubashir byrja karrieren sin som programleiar for MigrapolisNRK og heldt etterkvart fram som nyheitsanker for Østlandssendingen, òg i NRK. Mubashir var den fyrste norske muslimen som nokon gong har leidd laurdagsunderhaldninga i NRK i Sommeråpent 30. juli 2005. Han har sidan arbeidd som reporter for Frokost-TV og gjeve stemme til den indiske figuren pappa Arun i barneserien Postmann Pat.

Våren 2006 spelte han Lonkar i framsyninga Fruen fra Det indiske hav, basert på Ibsen-stykket Fruen fra Havet, på Centralteatret.[1]

Han har gjeve ut to bøker. Den fyrste utgjevinga var Mitt liv som Ola Noman, der han fortel på eit humoristisk vis om korleis det var å vekse opp som barn av pakistanske innvandrarar på Lørenskog. Den andre boka hans var En Noman i Pakistan, som er reisebrev frå Pakistan i same serie som NRK-serien med same namn.

Noman Mubashir var leiar for den pakistanske kulturfestivalen Mela i 2003 og 2004. I desember 2004, etter ekstremistdrapet på Theo van Gogh, stod han bak eit fakkeltog for å ta avstand frå vald og terror. Toget fekk lita oppslutting, noko som kan ha vore fordi Mubashir høyrer til den omstridde ahmadiyyaretninga av islam.[2]

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre