Nord Pool Spot er eit offentleg selskap med hovudsete i Oslo, som verkar som marknadsplass for energi i dei nordiske landa og er einaste mangenasjonale marknad for elektrisk energi.

Nord Pool


Kart over Nord Pools markeder Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.919585099
Skipa1993
MorselskapEuronext[1]
HovudkontorOslo, Trondheim
LandNoreg
Tilsette150
Resultat72 603 000 norsk krone (2015)
Nettstadhttps://www.nordpoolgroup.com

Soge endre

Selskapet vart skipa i 1993 under namnet Statnett Marked AS.

Nord Pool inngjekk hausten 2007 samarbeid med OMX som òg eig dei nordiske børsane, med unntak av Oslo Børs. OMX att, er ått av Nasdaq.

Statnett og Svenska Kraftnät åtte ei stund 50% kvar. I 2011 åtte Statnett og Svenska Kraftnät 30% kvar, medan finske Fingrid Oyj og danske Energinet.dk åtte 20% kvar.

I 2019 kjøpte Euronext 66 % av aksjane i Nord Pool, medan TSO Holding eigar 34%.[2]

Nord Pool Spot har konsesjon som børs og er såleis under tilsyn frå Kredittilsynet for børsverksemda si. Nord Pool Spot vert regulert av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Det norske Oljedirektoratet har gjeve Nord Pool Spot fullmakt til å styra straumutvekslinga med grannelanda.

Kjelder endre

  1. «Euronext completes the acquisition of Nord Pool». 15. januar 2020. Henta 29. januar 2020. «Euronext today announced the completion of the acquisition of 66% of the share capital and voting rights of the Nord Pool group (see 1), after receiving regulatory approvals» 
  2. Stina Johansen. «Nord Pool welcomes new owner» (på engelsk). Nord Pool. Henta 18. april 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nord Pool